31 august, 2008

Eg er tydligvis ei god veninne...

Tok ei positiv overskrift her eg, men innlegget blir nok litt negativt.

Eg er ganske sliten, har masse eg skal gjere, men det blir ikkje gjort. Har lekser i to fag, har ikkje byrja på nokon av dei enda. Det blir stress.. Eg har i tillegg osve ganske lite, og eg skal opp igjen om åtte timar.. Blir nok ein slitsam dag i morgon. Og sånn ellers kan eg sei at eg sitt og trøstespis, eg har ikkje gjort det på lenge, kanskje fordi eg ikkje vil gjere det "ulovlige". Eg har klart og halda meg vekke frå sjølvskading i snart to månadar, og eg er stolt av det.

Ei eg kjenner, har aldri møtt ho sånn face to face, men veit likevel kven ho er, hadde ein nedtur i dag. Eg fekk panikk eg, skikkeleg panikk, tenkte ka faen eg skulle gjere om ho tok livet av seg. Då var det lite håp for meg. Det er kjekt og ha ei som veit korleis eg kjenner meg, det er godt å ha nokon å støtte seg på, Det har eg i ho, og eg håpar inderleg ikkje ho forsvinn. Det var ho som sa at eg virka som ei god veninne, og takk for det, eg kan love deg at du ikkje er så verst du heller. Men husk det at du betyr noke.

Eg satt og vurderte om eg skulle sende melding til gamlelæraren min og spørre om eg kunne ringje ho ein dag, men eg droppa det, eg turte rett og slett ikkje, tenk om ho seier nei...

Korleis ting går for tiden...

Ting går greit, ting er slitsamt, men eg holder ut. Skulen er det som eg tykjer er mest strevsamt, for det er ikkje noko eg trivst med å gjere i lengden, det har eg på ein måte ikkje velt frivillig, eller eg har jo det, men ikkje på samme måten som tinga eg gjer etter skulen. Eg skal begynne og drive med håndball fire gangar i veka pluss kampar for to lag. Fire treningar og kampar for to lag utenom. Det er ein del det men det bekymrar meg ikkje, for det er noko eg trivst med å gjere.

Eg veit ikkje heilt om eg skal spørre psykologen min om han kan snakke med skulen om lekser og tilrettelegging, for eg klarar ikkje halde følgje. Eg tørr ikkje sei noko til foreldrene mine, for dei seier at det er håndballen si skuld, noko det ikkje er. Eg hadde ikkje klart leksene uansett trur eg.

Eg må få gjort leksene til i morgen no i kveld, så har eg og masse lekser i morgon, men dei okrar eg ikkje tenkje på ein gong, ikkje enda. I morgen blir ein travel dag skal eg sei, komplisert og leggje ut om alle planene, men det er ein del i alle fall;) Mykje fram og tilbake...

Enda ein ny blogg

Kvifor eg har laga enda ein ny blogg, det er sikkert eit godt spørsmål, men det blei litt kluss med den forgje, fordi ein person eg ikkje ville skulle veta om han, fekk veta om han likevel, og det vil eg no forhindre... Eg har bytta blogg nokre gonger egentlig...

Men til doke som skal kommentere, helst kommenter som anonym med initialer under, sjølv om du har ein registrert konto på bloggspot.com eller blogg.no.