Ting går greit, ting er slitsamt, men eg holder ut. Skulen er det som eg tykjer er mest strevsamt, for det er ikkje noko eg trivst med å gjere i lengden, det har eg på ein måte ikkje velt frivillig, eller eg har jo det, men ikkje på samme måten som tinga eg gjer etter skulen. Eg skal begynne og drive med håndball fire gangar i veka pluss kampar for to lag. Fire treningar og kampar for to lag utenom. Det er ein del det men det bekymrar meg ikkje, for det er noko eg trivst med å gjere.
Eg veit ikkje heilt om eg skal spørre psykologen min om han kan snakke med skulen om lekser og tilrettelegging, for eg klarar ikkje halde følgje. Eg tørr ikkje sei noko til foreldrene mine, for dei seier at det er håndballen si skuld, noko det ikkje er. Eg hadde ikkje klart leksene uansett trur eg.
Eg må få gjort leksene til i morgen no i kveld, så har eg og masse lekser i morgon, men dei okrar eg ikkje tenkje på ein gong, ikkje enda. I morgen blir ein travel dag skal eg sei, komplisert og leggje ut om alle planene, men det er ein del i alle fall;) Mykje fram og tilbake...
31 august, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar