19 november, 2008

Eg har eigentlig ingenting å sei, men likevel ein heil del. Eg trur kanskje berre eg trenger å bli sett litt.

I det siste har eg vore mykje sjuk, enten psykisk eller fysisk, og eg har ein mistanke om at det heng litt saman. Eg trur kanskje det er det at kroppen min har fått nok av for lite søvn og for lange dagar at han til slutt berre blei sjuk. Eg skal ikkje sei eg er skikkelig sjuk, men eg er så sjuk at eg ikkje kan vera på skulen.

Psykisk føler eg meg verken god eller dårleg. Det går opp og ned som det alltid har gjort, men i større bølgjedalar er eg redd. Nedst er det som det alltid har vore men når eg er oppe endar eg ofte opp med å bli redd. Eg snakke ikkje no om sånn vanlig ”glede”, men en følelse av at eg har ekstremt mykje energi og kan klare kva som helst så lenge eg jobbar for det. Akkurat den delen går greitt så lenge eg er aleine, for då tar eg ikkje på meg oppgåver eg ikkje har muligheit til å klare og då slepp eg å få enda større nedturar fordi eg har tatt på meg ting eg ikkje maktar. Det er når eg er i dette humøret eg klarer ting, mange ting på kort tid. Eg har fått gjort masse rydding og lekser unnagjort i slike periodar, synd dei sjeldan varer lengre enn eit par timar. Ofte endar dei bare med at eg dett saman og begynner å grine av ein liten bagatell, og om eg er ute blant folk berre stoppar eg opp å snakke og sett meg for meg sjølv. Ute blant folk er oppturane heilt annleis då, då pratar eg utan stopp kjempe høgt. Når du då liksom innser at du berre sitt og pratar tull og ikkje klarar å følgje med i din egen tankegang heldt du berre kjeft. Utanom opp- og nedturane føler eg veldig lite, eg skal ikkje sei ingenting, eg har mine normale periodar der eg føler meg ”normal”.

Nokon gonger berre lurer eg på kvifor ting har blitt som dei har blitt, kva som gjer det og kva som kunne vore gjort annleis? Berre så synd ein ikkje kan endre på ting, men utrulig nok ville ikkje lista mi ha vore så utrulig lang over ting eg ville endra. Kanskje eg ville endra det når eg var midt oppi det, men ikkje i etterkant. Ingenting er så ille at det ikkje er godt for noko.

Eg er litt lei av heile systemet eigentleg, eg skal på nye medisiner etter jul, men eg har egentleg ikkje så veldig lyst etter korleis eg reagerte på den forgje antidepressivaen. Denne gongen er det stemningstabiliserende medisin som er brukt på pasientar med bipolar lidelse eg skal prøve ut. Men eg føler det blir litt for lettvint for dei å berre sette meg på medisiner, dei kan ikkje gjer det utan diagnose heller. For å få ein bipolar diagnose må du vera innlagt til observasjon, noko som ikkje er muleg fordi overlegen, på BUPA, på Haukeland meiner eg verken er deprimert eller bipolar. Dette klarte ho å komme frem til i løpet av ein samtale på 25 minuttar der ho ikkje hadde lest gjennom journalen min ein gong. Joda, eg veit det er lenge siden eg var på Haukeland til den samtalen, men den overlegen var heilt ekstrem, eg trur aldri eg har klart å få eit så dårlig inntrykk av nokon på under ein halv time. Ho trakk slutningar ut ifrå ting eg ikkje hadde sagt og konkluderte med at eg hadde dårleg sjølvtillitt og hadde mangla kjærlighet i oppveksten. Ikkje ein gong eg kan få den teorien til å stemme og siden det ikkje har vore nevnt i etterkant av psykologen min tviler eg litt på at han trur på den teorien, det må eg spørje om…

Eg trur eg endte opp med å gjere det eg ikkje skulle gjere, klage. Men det hadde vore litt bortkasta å berre viske heile greine ut igjen, no som eg har brukt så lang tid på å formulere meg.

Ingen kommentarer: