Tok ei positiv overskrift her eg, men innlegget blir nok litt negativt.
Eg er ganske sliten, har masse eg skal gjere, men det blir ikkje gjort. Har lekser i to fag, har ikkje byrja på nokon av dei enda. Det blir stress.. Eg har i tillegg osve ganske lite, og eg skal opp igjen om åtte timar.. Blir nok ein slitsam dag i morgon. Og sånn ellers kan eg sei at eg sitt og trøstespis, eg har ikkje gjort det på lenge, kanskje fordi eg ikkje vil gjere det "ulovlige". Eg har klart og halda meg vekke frå sjølvskading i snart to månadar, og eg er stolt av det.
Ei eg kjenner, har aldri møtt ho sånn face to face, men veit likevel kven ho er, hadde ein nedtur i dag. Eg fekk panikk eg, skikkeleg panikk, tenkte ka faen eg skulle gjere om ho tok livet av seg. Då var det lite håp for meg. Det er kjekt og ha ei som veit korleis eg kjenner meg, det er godt å ha nokon å støtte seg på, Det har eg i ho, og eg håpar inderleg ikkje ho forsvinn. Det var ho som sa at eg virka som ei god veninne, og takk for det, eg kan love deg at du ikkje er så verst du heller. Men husk det at du betyr noke.
Eg satt og vurderte om eg skulle sende melding til gamlelæraren min og spørre om eg kunne ringje ho ein dag, men eg droppa det, eg turte rett og slett ikkje, tenk om ho seier nei...
31 august, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
^^,
*vet ikke hva jeg skal skrive her for å dekke hvor glad jeg blir når jeg leser dette innlegget(eller ihvertfall deler av det)*
Holdt på å si glad i deg, men, jaja, glad jeg har deg ihvetrfall:P
M
Takk M^^
Ut ifra at vi egentlig ikkje kjenner kvarandre ville det sikkert blitt litt rart;)
Legg inn en kommentar