Eg har hatt ei koslig helg, ikkje kjempe kjekk, men eg følte eg fekk eit tilbakeblikk til eit veldig godt vennskap eg hadde før. Me snakka om mykje rart, men det eg tenker mest på er kanksje gamlelæraren min. Eg savner ho, så sinnsykt. Eg savner å ha nokon å gå til. Eg føler eg ikkje klarer meg utan ho, sjølv om eg sikkert gjer det. Men eg har ho jo fremdeles som ein del av meg då, men ikkje på samme måte. Eg skulle ønske ho gjorde noke uventa, sendte melding ein gong eg ikkje forventar det. Eg veit når eg får melding av ho. Omtrent annakvar veke litt før eg går til bussen om morningen, litt avhengig om eg har sendt e-post med ho eller ikkje. Det er liksom den samme meldingen heile tida, som om eg er ein vane. Om det berre hadde vore noko anna ho kom med. Berre ei melding med noke eg ikkje kunne forutsjå.
Kva eg vil at ho skal gjere? Om eg kunne velje og vrake i kva ho skulle gjort hadde eg villa at ho skulle ringje meg uten å sei fra om det berre for å høyre korleis eg hadde det. Bare vise at ho faktisk bryr seg. Eg veit ho bryr seg, ellers hadde ho aldri holdt ut med meg.
Som sagt virker det som om at eg er ein vane, ein gammal vane som ho berre ikkje klarar å slutte med. Men som venninna mi sa: det kan jo hende ho trur du klarer deg fint uten ho og at du ikkje treng ho lengre og derfor gjer ho ikkje noke. Ho stoler på at eg faktisk seier det eg meiner og kva eg treng. Men eg gjer ikkje det, ikkje når det gjeldt ho. Ho er så anonym, om du skjønner. Røper ikkje ein drit. Seier aldri direkte kva ho meiner. Det blir så teit... Det der virker som kritikk, men det er kanskje det som er problemet, eg har ikkje ein ting og kritisera ho for, ho virker så fordømt perfekt. Eg liker ikkje det et ho virker å perfekt som ho gjer. Eg veit jo at ho ikkje er perfekt, sidan ho er lærar har eg høyrt ein del rykter om ting ho har vore gjennom, men det er rykter, rykter er berre rykter. Eg skulle berre ønskje ho ikkje var så jævla fordømt perfekt!!
Veninna mi meinte eg burde sei det til ho, men eg veit ikkje, eg kjem aldri til å skirve det til ho. Kanksje eg kunne sagt det til ho, face2face, men det skjer ikkje. Eg snakker aldri med ho face2face, har gjort det ein gong sidan eg slutta på ung.skulen. Det er ein fare for at eg møter på ho i morgon, men eg veit ikkje om eg vil eller ikkje. Ei anna venninne vil og vera der då, så me får ikkje snakka noke sånn spesielt skulle eg tru. Eg veit ikkje om eg vil møte på ho eg, men eg veit at dersom eg ikkje møter på ho blir eg dritskuffa! Driiiit altså...
30 november, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Off, jeg forstår akkurat hva du mener. Men jeg er enig med denne venninen din, si til henne hva du tenker. Send henne adressen til bloggen din, så kan du skrive f.eks.
www.injuredhero.blogspot.com
dette er bloggen min, viss du har lyst å følge med hvordan jeg har det så kan du ta turen innom der :)
Lykke til. Jeg vet du klarer det :)
Ja, det var en god idè!
HVa var en god ide?
Legg inn en kommentar