Eg har nettopp vore ganske høgt oppe... Blid og smilende til meg sjølv. Danset foran speilet på badet til og med. Eg smilte når eg var aleine, noko som ikkje skjer så alt for ofte. Så no er eg plutselig berre utslitt. kanksje positivt utslitt, eg veit ikkje...
Eg kyssa x-en i dag. Joda, greit at det berre var eit kyss, men likevel, fy faen! Det er så utrulig lenge siden eg har følt noke sånn. Og når me satt på bussen og holdt hender sånn at ingen såg det, og me berre såg på kvarandre lyste eg opp. Fy søren, eg visste at alt kom til å ordne seg, at han kunne vera der når eg trengte nokon. Men eg tørr ikkje håpe på noko i det heile. Men når eg såg han i dag tenkte eg ikkje på noko anna enn at eg så utrulig gjerne skulle ha logge i armane hans der eg føler meg trygg. Berre med han, ikkje tanken på nokon andre. Eg savner det me haddde....
så møtte eg på gamlelæraren min, ååååå så godt det berre var å sjå ho. Skikkelig herlig. Nokon som berre smilte skikkelig til meg og det varma. Kanskje det er ein av grunnane til at eg har hoppe rundt og vore glad i kveld.
Eg har ikkje gjort tysken til i morgon, men det får heller berre vera. Tenk at no er det Desember! Det er ganske utruleg egentlig. Berre 23 dagar til jul...
01 desember, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Høres herlig ut :) Du er nok bare positiv utslitt... Eller kanskje du er redd for å tillate deg selv å være glad i lengre tid?
Tysk er bare drit uansett... ;P Men Jul blir jo gøy ;)
Legg inn en kommentar