Eg har ikkje tenkt så mykje i dag... Eg er sliten i alle fall, veit ikkje om det er positivt eller negativt sliten. Eg fekk i alle fall tilbake to ting i tysk i dag, fekk 4- og 5, det er ikkje så verst til å vera meg, faktisk ganske fornøgd. Eg får sikkert 4 til slutten av terminen, noko eg ikkje skal klage over, for eg veit eg har gjort så godt eg kan, og så har eg og fått streng beskjed om å ta meir vare på meg sjølv enn eg gjorde før. Så kanskje det er det eg har gjort...
Eg har skikkelig lyst og grine no, fekk plutselig ein sånn tom følelse, me får sjå kva som skjer. Den kom berre rett ned no, kanskje fordi eg skreiv eg ikkje hadde det så ille? Eg veit ikkje, eg forstår det ikkje.
Eg skal foresten trappe opp psykologtimer no, det blir minst ein gong i veka, nokre gonger to. Einaste problemet er jo at psykologen min heile tiden er vekke... Han er ein travel person.
Men no kom pappa heim så eg må faktisk stikke og legge meg, ellers endar vel me opp med å ha ein stor krangel...
03 desember, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar