Ja, den er det sikker hundrevis som har ventet på.
Eg trur eg har bestemt meg for å slutte å spille håndball, det er ikkje lengre det det en gang var. Faren med det er at eg ikkje nokonsinne vil byrje igjen, men eg trur eg må ta den sjangsen, trur det er einaste sjangsen eg har til å faktisk fokusere på meg sjølv meir. Så eg trur eg har bestemt meg. Men legg merke til trur, det kna godt hende eg ombestemmer meg. Om eg framleis skal bu heime ombestemmer eg meg kanksje.
det skjedde noko rart forgje gong eg var hos psykologen. Eg har jo ein blogg som han leser før timane og han kommenterte noko som sto i den bloggen, og eg assosierte (rett skrevet eller?) dette med når foreldrene mine sa eg IKKJE klarte noke, som eg har høyrt ganske mange gonger av dei. Når eg gjekk måtte eg grine, så eg endte opp med å grine i ein time på eit offentleg toalett på senteret i nærleiken av skulen min. Men min beste venninne kom ned etterkvart då. Ho skulka faktisk matteprøve for meg...
I dag er eg på jentekveld, faktisk, med åtte andre jenter. Har holdt meg unna alt krydder, det dei har funnet ut at eg mest sannsynleg reagerer på, og magen min har ikkje tulla seg. Har fått ei byge, men ikkje noko meir enn det liksom. Det var bare smerter så, ikkje noke som ville ut for å sei det fint! Hehe ^^,
Eg satt og hadde ein skikkelig samtale med to av dei jentene som er her i kveld og me snakka om kor godt me trivdes på ung.skulen. Eller eg trivdes i alle fall godt. Så plutselig får eg melding frå gamlelæraren min, det var litt koslig, eg berre smilte skikkelig. Hehe^^, Skal vel sende ho ein e-post snart, men føler eg må ha noke litt meir konstruktivt å komme med før eg sender jo e-posten. Kjem nok til å spørre kva ho meiner om å gje opp håndballen...
Men eg har ikkje tid til å skrive meir, kjem meir oppdatering etterkvart. Akkuratt no har eg det fint... Savner gamlelæraren min, men det er det...
05 februar, 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar