31 januar, 2009

Plan for å bli betre?

Først må eg sei at eg forventer MANGE kommentarer her, fordi eg trenger mange sine meininger og ideer angående dei ideane eg no kjem med. Så alle doke som les bloggen min, KOMMENTER!

Plan 1:
For å bli betre trenger eg å bruke meir tid på meg sjølv slik at eg byrjer å settje meir pris på meg som den eg er. Dette betyr at å gjere noko anna enn å gå på skulen kanksje ikkje er så lurt. Eg meiner at eg skal ta eit halvår, kanksje eit år, der eg berre tar vare på meg sjølv og går på skule. Då kan eg prøve å innarbeide ein vane som gjer at eg gjer ein positiv ting for meg sjølv kvar dag. Ein dag trener eg, ein annan dag tar eg meg ein lang tur i badekaret osv. Tar du tegningen. Rett og slett ta ein pause fra alle tinga eg driver på med. Sport og organisasjonen eg er med i. Men dette vil verta vanskeleg, men eg trur kanksje det likeve e rveldig lurt. Kanskje eg skal begynne og prøve andre ting. Som å drikke litt (snakker ikkje om å bli dritfull liksom), melde meg inn i ein ny organisasjon etc.

Plan 2:
Fortsette med sport og organisasjonen eg er med i mens eg jobber med meg sjølv utanom. Problemet med dette er at eg ikkje trur eg kan klare og då ta vare på meg sjølv.

Men det eg kanskje tenkjer er at eg kan bruke sommareferien som eit utgangspunkt. Alltid ha ein ting kvar dag. Enten ei venninne på besøk, eller eg ein annan plass, hjelpe til hjemme, jobbe eller noe i den duren. Kanksje prøve å trene kvar dag slik at eg til slutt vil bli meir tilfreds med kroppen min. Så på slutten av sommaren håper eg at eg forhåpentligvis vil flytte, og då kan det verta enklare å innrette seg rutiner fordi då har eg berre meg og den eg evt bur med.

Dette var eit tankespel i hodet mitt, og som sagt, IKKJE GÅ HERFRA UTEN Å KOMMENTERE!!!!

29 januar, 2009

No er det kroppen som snart svikter...

Kroppen min har vore heilt dau i ei veke no, heilt sidan mandag. Ingen dagar eg har kunne sove ein time lengre. Har vore hos psykologen ein gong, og skal ein gong i morgon og, så det blei no litt avbrekk. Eg skal ha gym i morgon, noko eg gruar meg til. Eg hater gym på videregåande, sjølv om gymlæraren min veit om at eg får angst. Eller eg veit ikkje om det er angst eg, men eg kan grine meg i seng fordi eg gruar meg sånn. Alt er skummelt med gymmen, byttingen, dusjingen, løpingen og alt! Men eg MÅ dusje, heldigvis er det berre eg og ei anna som dusjer, og ho har eg kjent i mange år.

Eg gruer meg til å vera sosial i morgon, eg har ikkje lyst. Eg vil heller bare gøyme meg under dyna og sove. Og typen min avlyste på laurdag, så no veit eg ikkje om eg får vera med han i helga. Eg savner han... han aner ikkje kor mykje han betyr for meg, kor mykje betre eg egentlig har det i periodar når eg er med han. Å elske er eit sterkt ord, men eg trur eg gjer det, eg veit eg gjer det. Eg elsker han, og det har eg gjort lenge...

Nokon som har ønskjer om kva eg skal blogga om er det berre å slenga dei inn her? kanskje den som kommer med det beste forslaget skal få premie. Eg venter enda for å sjå kva premie eg får av java fordi eg leste heile bloggen hennas:D

27 januar, 2009

Eg har ikkje så mykje og skirve i denne bloggen lengre, kanksje fordi så mange veit om han...
Eg vil egentlig gøyme meg under dyna og bli der. Vente til nokon kon og henta meg...

26 januar, 2009

Pale

The world seems not the same,
though I know nothing has changed.
It's all my state of mind,
I can't leave it all behind.
I have to stand up to be stronger.

Chorus:
I have to try to break free
from the thoughts in my mind.
Use the time that I have,
I can't say goodbye,
have to make it right.
Have to fight, cause I know
in the end it's worthwhile,
that the pain that I feel slowly fades away.
It will be alright.

Om du har lest bloggen min fast lenge vil du nok kjenne igjen denne songen. Om du kjenner meg, GODT, vil du veta kva denne sangen har betydd for meg. Han er viktig. Eg liker han. Han handler om det å kjempe sjølv om ein vil gje opp....
Eg føler meg litt sånn no... Ingen vits i å kjempe videre akkuratt no. Eg skulle ønske eg kunne hoppa nokre år fram i tid, dumt det ikkje går ann... skal poste den på bloggen som psykologen min leser og no, siden den betyr så mye...

25 januar, 2009

Helgen

Hatt ei grei helg. Blanding av det å ga det kjekt til det å vera trøtt og sliten. Men kort oppsumert var ho fin....

Må legge til at noken folk er veldig patetiske. Ein som eg tidlegare har hatt ein flørt med, og som eg har gått med heile vegen, skulle kristisere meg uten å kritisere meg. han satt og snakka om den første gangen han hadde seg, at den jenta var sjuk, dårleg, brukte han osv. Eg må gjenta for meg sjølv veldig ofte: HEV DEG OVER HAN! Det som er surast er at me ein gong var gode venner...

22 januar, 2009

Dagen og dagene fremover...

Eg har lagt blogg for psykologen min, fordi eg er flinkere å utrykke meg skriftlig enn muntlig. Det er ein heilt anna tone i den bloggen, eg ville ikkje gi han denne, det ville vore litt sært.

Men veninna mi skal ikkje være med på leir i helga, og eg føler meg dårlig. Skulle gjerne hatt ho med, men eg skjønner ho godt. Ho er sliten. Eg skulle så gjerne ønske eg kunne putta ho i lomma mi... Det hadde vore kjekt.

No er kroppen min sliten, og skal snart legge seg, men han klarar ikkje roe seg. Så veit ikkje om eg får sove...

Men til doke som lurer på kvifor eg kommenterer så få blogger fortiden er det fordi eg blir VEEELDIG lett påvirket av folk som går ned i vekt, og det tørr eg ikkje. Eg vil ikkje inn i ein SS igjen, sjølv om eg ikkje trur eg nokonsinne har hatt ein alvorleg ein. Men akkuratt der blir eg veldig lett påvirket, og det vil eg ikkje...

God helg alle sammen!!!
Og til deke som har nummeret mitt, SEND MELDING!!! Dette blir en lang helg!!

20 januar, 2009

Eg VIL vera ulykkelig...

Eg har verdens beste type, eg veit det. Eg sa eg elska han i dag, og eg meinte det. Eg veit eg meinte det. Eg har alltid meint det. Treng eg gjere det klarare enn det? Eg elsker han!

Men problemet er at eg ikkje syns eg fortjener å vera lykkeleg. Eg trur kanskje det har noke med at eg tidlegare (for nokre år siden) ville få oppmerksomhet, uansett kva eg fekk han for. Eg gjorde aldri noke ut av det, eg levde berre opp til mine og alle andre sin forventninger. Kanskje eg berre burde levd opp til mine egne..?

Faren for at eg ødelegger det som eg no har, som faktisk er PERFEKT. Eg vil ikkje, eg skal ikkje. Eg skal beholde det som no er perfekt. Eg SKAL beholde han eg elsker...

19 januar, 2009

I'm fine... I guess...

Joda, eg har det greit no.. Etter trening i dag sovnet eg før eg såg håndballkamp. Var berre snakk om ein halv time men det var deilig. Skal berre ha to timar på skulen i morgen, og det er utrulig deilig.. Heilt herlig altså...

Eg sprakk ikkje i går, men egentlig er eg ikkje stolt av å ikkje ha sprukke. Eg meiner eg burde ha kutta. Det er liksom noke som viser kor ille det er føler eg. Ikkje for meg, men ovenfor psykologen min og slik. Men eg trur egentlig eg berre må slutte med det snart... Det er ikkje lengre noke eg gjer fordi det hjelper, men det er noke eg gjer for å ha noke å skamma meg over. Sææært.

Men eg hopper i dusjen før eg går i seng, slik at eg får ei god natts søvn før morgendagen. Etter skolen skal typen min komme på besøk... :D

18 januar, 2009

Følelseslaus...

Igjen er eg følelseslaus, ingenting kan beskrive det. Eg var i nærleiken av å vera depresiv isted, men eg enda igjen opp her. Kanksje det er kroppen sin forsvarsmekanisme? Men den funker dårlig... Det er når eg er følelseslaus at eg vil kutte... Et kutt, to kutt, tre kutt og er føler noke...

17 januar, 2009

Kva om det ikkje blir betre?

Det var ei gong ei jente som ville søke sommerjobb, men jenta var alt for kresen og ville bare jobbe med mennesker. Ein kan ikkje jobbe med menneskjer før ein er fylt atten. Denne jenta hadde psykiske problemer, kor store var aldri kjent, det får du spørre psykologen hennas om. Jenta som var ei frisk og oppegåande jenta ville ikkje jobba i butikk, ho ville ikkje jobba på fabrikk, ho ville berre jobba med mennesker.
Så ein dag fekk ho jobb på ein gamleheim, og snipp, snapp, snute så var dette evetyret ute.


Eg er flink å skrive eventyr. Hadde planar om å skrive heile innlegget som eit eventyr men eg gadd ikkje.
Er det mine psykiske problemer som gjer at eg ikkje orker å jobbe eller er det det at eg er bortskjemt. Det er ikkje for pengane eg gjer det, men for erfaringen og for det å ha noke å gjere i sommar. For å vera heilt æreg vil eg sove, kutte, sole meg og bade i sommer. Så vil eg på hyttetur med venner. Eg vil ikkje jobbe, eller eg orker ikkje. Eg føler eg ikkje orkar. Butikk og industri er uaktuelt fordi det er så slitsomt, men eg aner ikkje. Eg kan ikkje jobbe med menneskjer før eg er over 18, noko som er drit.

Joda eg er langt nede, eg skjønner ikkje kor langt ned ein må gå for at nokon skal skjønner korleis ein har det. Eg aner ikkje... Eg vil kutte og eg vil svelge tabeletter. Eg vil sove, men eg er redd for å byrja å grine plutselig og difor ikkje få sova. Eg vil snakke med deg. Eg vil så gjerne føle meg betre...

BAD innlegg, eg er trøtt og dårlig... Dette er alt eg klarer...

14 januar, 2009

Klageblogg..

Denne bloggen er berre full av klaging, men det er min plass og skrive ut det eg tenker. Den funker betre enn ei dagbok, fordi her må eg formulere meg betre for at folk skal forstå det. Når eg må formulere meg betre forstår eg og meg sjølv litt bedre.

Eg følte meg skikkelig sliten i dag og var egentlig ikkje heilt innstilt på å gå på trening, men eg gjorde no det. Slik som eg alltid gjer. Eg var berre to timar på skulen så gjorde veldig lite der. Eg har tilrettelegging dei to første og dei to neste var eg hos psykologen. Me leste i journalen min, noko eg kanksje ikkje burde gjort. Me este notatane frå den gongen eg gjekk på ungdomskulen, noko som virker som ein evighet siden. Den gongen då eg trivdes på skulen, den gongen eg hadde meir enn ei skikkelig venninne og forholde meg til og den gongen eg hadde noken eg visste eg kunne gå til. Kven har eg no? Eg har meg sjølv, ei venninne og psykologen. Og ale som eg snakker med via bloggen min. Det er dei eg har no. Før hadde eg mange. Det å rote i den journalen var tungt, sj tilbake på alt som var. Sjå navnet til gamlelæraren min trykt svart på kvitt om kor knytta eg var til ho. Kor knytta eg er til ho. Uten å ville innrømme det ovenfor nokon. Eg nekter og innrømme det ovenfor meg sjølv og egentlig. Men eg veit inners inne at eg er knytta til ho, ikkje berre litt, men skikkelig! Eg aner ikkje kor eg hadde vore i dag om det ikkje var for ho. Eg vil så gjerne vise ho at alle timane ikkje var forgjeves, at eg faktisk kan bli betre. Men eg har mista motet no.
Eg begynnte å grine etter me hadde lest jounalen min, grein som ein unge, eg hater å grine når nokon ser meg. Men eg grein og grein... Over alt eg savna. Alt eg nevnte over. Og når me snakke rom det, nokon som vil forklare korleis ein faktisk bruker lommetørkle? Haha^^ Har aldri vore aktuelt siden eg aldri grin foran andre, men no er det det. Skal ein snyte seg i det, eller tørke tårer eller litt begge deler?
Etter skulen møtte eg gamlelæraren min på butikken. Eg var med ei anna jente så ho kunne ikkje sei så masse. Men eg såg ho brydde seg. Ho spurte venninna mi ein del da, om kor ho gjekk og sånn, hadde bare vorte teit om ho hadde spurt meg siden ho veit da. Egentlig syns eg det var pinleg. Om eg berre kunne snakka flytande finsk eller noke, og ho og kunne det. Det hadde vore morsomt. Jaja...

Eg fortjener ikkje typen min, han er verdens herligaste. Det kan ikkje beskrivast. Me har vore gjennom så utrulig masse sammen og det å nå ha fått den personen som betyr mest for en i hele verden er utrulig. Eg er berre 16 år, men eg forstå at desse følelsane eg har for han er meir enn ein vanleg forelskelse. Ellers hadde eg aldri gått tilbake til han, eller motsatt vei, han ville aldri gått tilbake til meg. Han er herlig, for første gong på evigheter føler eg meg bra, skikkelig bra, når eg er med noken. Men han er eg 100% meg. Eg kan gå uten sminke og med verdens styggast kosedress, men fremdeles forteller han meg at han syns eg er pen. Det er herlig. Og eg trur han. Kanskje eg er penare enn eg trur sjølv. Men det er berre ein liten del av meg. Eg kan bli lykkeleg med han, i lang tid framover. Men no snakker eg om sammen med han, ikkje aleine.

Kva skal skje med meg, kvar skal eg gjere av meg når eg har desse nedturane. Dei kjem oftare, eg føler i alle fall at dei kjem oftare. Eg blir trøt tog sliten av dei. Men det som kanksje er viktig og få med seg er at eg er dyktig på ting som berre blir lagt foran meg. Eg er ikkje typen til å søkje etter ein jobb, om eg hadde fått tilbud om ein hadde eg tatt han, og gjort ein god jobb. Men det å søke skremmer meg ein del. Eg veit ikkje kvifor. Eg veit eg burde gjort det. Men eg orker ikkje.

Eg føler på ein måte at eg no har nådd bunnen. Kanksje for første gong eller kanskje for den 23 gangen. Men eg føler at etter forgje veke og denne veka er eg skikkelig sliten. Eg vil leggje eg og bli liggane i senga. Men eg veit eg ikkje kan det, det er ikkje snakk om. Eg er ikkje suicidal, så eg får eit liv når dette er over. Så då bør eg ha fullført skulen og eg bør ha hatt ein jobb eller to. Eg veit eg burde, eller eg veit eg må, men eg føler eg ikkje orker. Men eg må orke...

Haha, snakk om at dette er ein klageblogg, her klagar eg igjen... Sorry for lang blogg...

13 januar, 2009

Fant dette refrenget når eg leita etter ein anna tekst til eit anna innlegg. Det beskriver korleis eg kjenner meg når eg savnar deg.

Call your name every day
When I feel so helpless
I'm fallin' down
(Fallin' down)
But I'll rise above this, rise above this
Call your name every day
When I seem so helpless
I'm fallin' down
(Fallin' down)
But I'll rise above this
Rise above this doubt.

Seether - Rise Above This

Kva er ein venn?

Er ein venn ein som lar være og fortella deg sannheten, som lyger til deg? Kanksje for at du skal synast synd på han, kanskje fordi dei vil du skal bry deg eller kanskje fordi du skal holde deg vekke. Eg veit ikkje, men det hadde vore så enkelt som å sagt at du ikkje ville snakka om det. Ikkje lyg...

Ein venn er heller ikkje ein som baksnakker deg til dine venner. Kvifor veit eg ikkje? Eg var visst berre plagsom. Er det plagsomt at eg passerer deg i gangen eller? Kva anna har eg krevd. Men neste gong så kan du sei det til meg, kva som irriterer deg så mykje med meg. Det skal seiast at du sa at eg prøvde for hardt, at eg lata som? Kanksje det er eit godt tegn at du meiner eg prøver for hardt. Men når eg eg glad er eg faktisk overbevist sjølv om at eg har det bra, så eg trur ikkje det er å late som. Men eg veit ikkje... Men om du syns det er plagsomt, så sei fra...

Men nei, eg skal ikkje sei du er ein dårlig venn, tvert imot. Men eg trudde vi var så gode venner at du turte å sei ting til meg istedenfor å sei det til dei andre vennane mine. Du har alltid vore ein god venn...

So break me down if it makes you feel right
And hate me now if it keeps you all right
You can break me down if it takes all your might
'Cause I'm so much more than meets the eye.

Skule, skule og skule...

eg er litt lei av skulen, men samtidig går de tbetre no enn før. No har eg alltid ein eller to dager i veka der er får sove lengre, noke som er litt herlig!

11 januar, 2009

Litt tom for ord?

Eg trur eg er litt tom for ord, kanksje og litt tom for kjensler? Forgje veke var tøff, grein meg i søvn fem dager. Eller eg grein, så slutta eg fordi eg var utsleten. så sovna eg etterpå. Ei sånn veke er slitsam. Hadde ein opptur i går då, og den gjorde godt, trur den har holdt fram litt i dag. Har fått gjort det meste av geografien eg skulle gjere, og eg har fått lest litt i boka me skal lese i norsken. Det er ganske bra trur eg. No sitt eg og føler ikkje så mykje egentlig. Gledesfølelsen er forsvunnet, det gjorde han allereie i går kveld, så var berre restane som hang igjen i dag. No sitt eg her, i bakrus av glede og i bakrus av ei hard veke og føler ingenting, eller veldig lite.

det er lite å skrive om her på bloggen for tiden føler eg, skulle ønskt eg berre viste kva som var galt, sånn at det ikkje forandra seg heile tida. Eg har aldri klart å sette fingeren på akkurat kva som er galt med meg. Kanskje det berre er det at eg er negativ? Men eg tviler litt på det egentlig. Eller på ein måte er det jo det. Når noko dumt skjer bryt det meg ned, men det må jo vera ein grunn til det, for eg er ikkje ein svak person. Kanksje det er det at eg alltid har klart alt, men ikkje klarer det lengre? eg har alltid vore flink.

Og det med sommarjobb, eg treng virkeleg ein sommarjobb, men kva? Eg har lyst å søkje på nille eller europris. Helst nille, det er ein liten butikk der det kanksje er to ansatte samtidig, det betyr mykje kontakt med kundane og sånn. Det må eg ha, kontakt med menneskje. Kanksje eg hadde passa på ein gamleheim, men der er det lange vakter og eg veit ikkje om eg hadde takla presset.

Så eg ber om at doke som les bloggen min kjem med forslag: noko der eg får kontakt med menneskjer og der dagane ikkje er alt for lange?

Bra dag...

Får visst ikkje noke stort sammnbrudd i kveld likevel. Sikkert like greit.

I morgon må eg får gjort geografien me har i lekse, eller rettere sagt har hatt i lekse. Siste frist for innlevering er i morgon kveld. Eg må få svara frå ei venninne, slik at eg berre kan skrive dei om. Håper ho svarer på e-posten eg har skrevet til ho no... Om ikkje har eg eit problem, for eg har ikkje bok.

10 januar, 2009

Det er bedre å grine enn å ikkje felle ei tåre... Men det finns vel ein mellomting... Dette er femte kvelden eg griner... Driiit...

Eg er lei for alt...

09 januar, 2009

Langt oppdatering?

Ja, her trur eg at eg skal klare og skrive ei ganske lang oppdatering om korleis eg har det for tiden. Me får sjå kva det blir til etterkvart.

I det siste har eg følt at eg har fått det litt bedre med meg sjølv, så sånn generelt. Har hatt bedre dager der eg faktisk har følt litt glede, trur eg. Legg merke til trur eg, for eg veit faktisk ikkje. Tristheten ligger der alltid, sjølv når eg ikkje tenkjer på han. Som om han er blitt ein del av meg, som om eg er blitt avhengig av følelsen eg får av han.

Men samtidig som eg føler meg bedre meg meg sjølv føler eg meg heilt elendig ellers. Trur det er lenge siden eg har vore så dårleg som no. Eg eier ikkje kontakt med omverdenen, utenom treninger og skule. Eg savner vennane mine, men eg orker ikkje gjere noko for å få dei tilbake. Eg orker ikkje tanken på å vera sosial og smile meir enn nødvendig, det blir for slitsamt. Eg liker heller å liggje heime og berre gjere ingenting. Eller eg sitt på facebook, her på bloggen og ser på tv. For eit liv... Eg orker ikkje noko anna. Når ein alltid er trist slepp ein dei store nedturane. Kuttingen og spisingen er igjen et problem. Eller problem og problem, er vel egentleg ikkje det. Kuttingen er bare rasping egentlig, eller mest ein mellomting. Verken eller. Smertegrensen min er veldig lav, altså er det ikkje så mykje som skal til for å lette litt på smerten. Men det er meir og meir fristande og ta tabeletter, kutte og bare gi f***. Det er det eg vil, men det går ikkje... Eg veit det kjem eit liv etter dette helvete og då skal eg vera godt rusta. Då skal eg vera ho som klarte det. Men når eg ikkje har folk eg kan bry meg om, eller folk som bryr seg om meg, då er det tungt. Eg veit Java og Randi at doke bryr doke, men eg trenger folk "in real life". Sånn som Java og Babaja, eit sånnt vennskap vil eg ha, "in real life".

Det er denne veka eg innsåg at eg ikkje var blitt noke betre, når eg snakka med gamlelæraren min. Ho spurte korleis det gjekk med (fiktive navn) Kari, Frida og Karianne, eg kunne ikkje svare. Eg ante ikkje. Kvifor ikkje? Fordi eg har trekt meg vekk. Eg har ingen lengre, og det mest skremmande av alt er at eg ikkje trur eg bil ha nokon. Eg vil berre forsvinne fra jordens overflate i nokre år. Men det ville ikkje fungert, eg ville fått bevis på at verden ville fungert fint uten meg.

Savn er det verste eg veit, kanskje det er derfor eg ikkje vil ha nokon, fordi det da ikkje er noko å savne. Savnet av den einaste personen som eg faktisk kunne snakka med, et meg opp. Eg har sagt det før. Eg savner å berre snakke. Snakke, snakke og snakke meir. Om alt, og ingenting. Ho forsto, eg trur i alle fall ho forsto. Kanskje det har noko med det å gjere? At eg beskyttar meg sjølv mot å savne nokon på samme måten som eg savnar ho?

Alt eg gjer utenom skulen og trening er: Kutting, grining, blogging, facebook, diverse andre ting på pc og å høre på musikk. Nokon gonger kommer det nokre fine innslag av å rydde rommet, rydde kleskapet og sortere det på nytt etter et nytt system eller å danse rundt til gladmusikk. Det er det eg har utanom skule og trening. I sommar skal eg prøve å skaffe meg jobb, men eg kjem aldri til å skrive den søknaden, og eg kjem aldri til å sende han og om eg i det heile tatt klarer å skaffe meg ein jobb veit eg ikkje om eg klarer å gjennomføra han. Det er rett og slett ikkje orkbart. *Sjå slutten av innlegget*

Du må prøve å sjå det positive i ting, er det alltid like enkelt? Nei. Det eg treng hjelp med er nedturane. Eg har meir og meir tru på at noke medisin ville ha funka. Noke som gjorde at eg slappa meir av om kveldane, for det er kveldane som er problemet.

Eg er så sliten at eg berre orkar det eg må gjere, og eg veit ikkje kor lenge det vil fortsette. Men det har eg og sagt fleire gonger. Eg lurer på kor lang tid det går før det ikkje går lengre. Eg kunne trengt eit avbrekk frå kvardagen. Ei lang stund for meg sjølv, der eg kunne gjere kva eg ville. Drikke, shoppe, vera aleine, kutta og alt eg ville. Berre vore meg. Heilt uten å tenke på skule, trening og foreldre. Før var eg god i sporten eg driver på med, no er eg dårleg. Eller det er svingande. Eg kunne blitt god, om eg hadde satsa. Ein periode ville eg satsa, men så kom dette sigande. Denne depresjonen som han sikkert ville blitt kalt blandt vanlege folk. Så eg orka ikkje. Treningane er slitsamme, skikkelig tøffe enkelte gonger. Eg får panikk, får fysisk og psykisk vondt og til slutt bryt eg sammen etter ei treningsøkt. Som i gymmen i dag... Eg har fått legeærklæring på at eg ikkje kan løpe så mykje. Pga sjukdom. Eg skylder på magen. Eg får vondt i magen fordi eg blir dårlig psykisk, det er sjelden det kjemi gymtimane utan at eg er dårleg psykisk. Men det kjem kvar einaste time...

Er det noko eg har gløymt og få med no må doke berre spørre. Doke må og berre spørre dersom doke har lyst at eg skal blogge om noko spesielt, noko som mangler på denne bloggen. Det er berre koslig med tilbakemeldinger.

Akkuratt no føler eg meg heilt grei. Eg kjenner det er eit sammenbrudd på veg, men det kjem ikkje i kveld. Eg trur det kjem i morgon kveld. For eg kan ikkje få det i kveld, fordi eg skal opp tidleg i morgon.

Har du noke forslag til sommerjobb der det ikkje er alt for lange arbeidsdager og det er ulike og varierte oppgåver? Det må vera ein jobb der man har kontakt med mennesker!

08 januar, 2009

Lørdagskveld kjem det eit langt innlegg, eg orker ikkje no...

I kveld er eg dårlig. PÅ gråten for, ja, den 4 kvelden på rad. Og eg kjem til å grina. Tanken på alle tinga som skulle vore gjort og som må gjerast i helga er tung. Eg veit eg egentleg ikkje er i stand til å gjennomføre skulen slik som eg gjer, men likevel gjer eg det. Eg veit faktisk ikkje om det er noko lurt, men om eg dropper ut blir ting berre verre. Når eg skal inn til psykologen igjen, som er på onsdag må eg fortelle om nedturane... Eg klarer meg om dagen, eg trenger ikkje snakke om det, det går fint. Det er kveldane, dei dagane eg er aleine at eg blir dårlig. Denne veka har det vore kvar kveld. Det er ein følelse av at eg er håplaus, ekkel, feit, uerfaren, umoden og det slutter ikkje der. Alle tankene eg tenker kan ikkje forsvinne. Eg får panikk over at eg skal ha gym, at eg skal spela kamp, at eg MÅ levere inn noke oppgåver i geografi og fordi me skal lese ei bok i norsk. Eg klarer alt til slutt, mest sannsynlig. Eg skal og ha prøv ei gym, men eg bryr meg ikkje, eg har to og eit halvt år til å fikse den karakteren. Eg savner gamlelæraren min, eg savner vennenane mine, eg savner meg og eg savner alt egentlig. Eg skulle ønske ting framleis var som på ungdomskulen. Dei som kjente meg då veit kor dårleg eg var i perioder der, no er eg verre.

Eg aner ikkje kva eg skal gjere, eg aner ikkje kva eg føler, eg aner ikkje kva eg vil (eller eg gjer det, men når eg ikkje får realisert det hjelper det ikkje), eg aner ikkje korleis nokon skal kunne hjelpe meg når eg ikkje aner nokonting.

Nobody gets too much love anymore
It's as high as a mountain
And harder to climb

07 januar, 2009

Legen i morgen...

Veit ikkje heilt kva eg skal sei til ho, fordi det er så vanskeleg... Trur eg skal være heilt ærlig med at eg føler at psykologen min meiner eg skal fokusere på det som er positivt, men det er nedturene som er tunge. Det er dei eg treng å snakka om. Forgje gong eg var hos psykologen ville han ikkje høyre om ein einaste av nedturane i jula, fordi eg må fokusere på det positive. Det funker der og då, men når eg igjen blir dårlig blir eg dårligere...

Syns doke eg skal prøve å utrykke meg med enda meir følelser her på bloggen?

06 januar, 2009

Oppe eller nede eller begge deler?

Eg ringte til gamlelærerinna mi, sjølv om eg ikkje trudde eg ville klare å la være og grine. Eg grein, men ikkje så ho fekk det med seg trur eg...
Eg er i betre humør no, men samditig så mykje verre enn eg var før eg ringte ho. Eg innsåg plutselig at eg ikkje er bllitt bedre, faktisk kanskje motsatt. Eg føler ikkje det er noke å kjempe for. Eg har berre meg, som eg nevnte tidlegare er eg min eigen beste venn. Eg har fallt for langt ned liksom. Vi snakke om at eg forventa for mykje, at eg forventa at folk tok kontakt. Men eg kan ikkje be dei ta kontakt heller. Eg forventer så mykje...

Eg trudde dette innlegget skulle bli langt, men eg veit ikkje no... Eg trur berre eg skal leggje meg no. Eg må berre hive i meg litt mat. Eg føler eg har sunke lavt.. Kansje det berre er denne nedturen her. Trur kanskje det er denne nedturen. Det er ein lang nedtur. Kjiipt...

Kopierer fra Randi sin blogg:
Let the sun refuse to shine
It won't be long before the days are brighter
If every step's an uphill climb
Carry on until they feel much lighter

For all the clouds up in the sky
For all the teardrops in our eyes

It can get only get better
Be still my heart
It can only get better
We've come this far

When it's good, then it's good
It's so good 'till it goes bad'
Till you're trying to find the you that you once had
I have heard myself cry, never again!
Broken down in agony
And just trying to find a friend


Kva trur du meinast med dette verset? Er det om håp eller det å gi opp?

05 januar, 2009

Dårlig

Eg er dårlig. Veit ikkje kva meir eg kan sei...

04 januar, 2009

Koslig melding!

Fekk ei skikkelig koslig melding i dag;)

Kjære gud. Frøkna som leser dette er vakker, stilfull, sterk og jeg er veldig glad i henne. Hjlp henne med å lve livet fullt ut, og bli noe større enn hun selv forventet. Hjelp henne med å skinne på de mørkeste plasser. Alltid beskytt henne, løft henne opp når hun trenger det, og sørg for at hun aldri føler seg utrygg! Glad i deg;)

Det er koslig med slike meldinger... *smil*

03 januar, 2009

Eg vakna av at gamlelæraren min sendte melding til meg tidlegare i dag. Eg berre åpna ho og la meg til å sove igjen, orka ikkje svare. Neste gong eg vakna svarte eg. Eg vurderte å spørre om å ringe ho ein dag siden året har hatt ein tøff start. Men nei. Eg skreiv berre: God morgen og godt nyttår:-D

Klokken er snart fire og eg har berre vore oppe i to timar.
This day is already wasted.

People always leave... always...

Eller eg bare dytter dei vekk. Eg skylder på dei, det som egentlig er min feil... Alltid skal folk forsvinne, alltid skal eg dytte dei vekk..
Gamlelæraren min forsvant...
Vennane mine fra ung.skulen forsvant og...
Kem er den neste?

Vær så snill og bare gi me noke som kan ta vekk denne smerten, eg er så inderlig lei...

Savnet som et meg opp innanifrå...

Eg aner ikkje kor eg skal gjere av meg når savnet kommer til sin rett. Eg skulle gitt så utruleg mykje for å berre snakka med deg, sjå deg igjen. Berre ha nokon å snakka med, nokon som ikkje dømmer, ikkje ler og ikkje seier dei ikkje forstår... Du aner ikkje kor glad eg faktisk blei i deg... Eg savner å ha nokon som deg..

Miss you
just like the air that I breathe
I need you
with me
I'm not gonna lie
I can't imagine my life
with out you but I
suppose I will survive<

Savner du noken?

Kven er din beste venn?

Eg har komt fram til mitt svar i alle fall... Eg er min beste venn... Det er kanskje litt vanskeleg å forestille seg at eg er min egen beste venn, men til slutt er det faktisk sant. Det er eg som holder meg sjølv oppe, det er eg som tørker tårene mine og det er eg som virkelig moter meg sjølv opp til å aldri gi opp. Eg trur kanskje egentlig aldri eg har hatt den Bestevennnen med stor B. Eg har venner, har hatt venner, med stor V. Skikkelig gode venner, men aldri ein bestevenn trur eg. Eg har hatt meg sjølv heile tida... PÅ ein måte liker eg besevennen min, men på ein anna måte hatar eg den.

Kven er din beste venn?

01 januar, 2009

Dårlig dag... tja... bør vel innrømme det...

Sovna veldig seint i går, halv seks ca skulle eg tru. Måtte opp igjen før det var gått 6 timar for å spise felles frokost. Etter det følte eg at eg ikkje kunne gå å leggje meg igjen, så eg var våken ganske lenge. Eg sovna i senga mi ein liten time rundt 4-tiden og det hjalp. Men no veit eg ikkje kor eg skal gjere av meg... Eg er ikkje trøtt, kan ikkje få sove. Eg har allerede brøte eit av mine "ikkje-eksisterande" nyttårsforsett, fordi eg visste eg ville bryte dei. Huden på hofta mi er blitt sær. Eg kjenner ikkje så mykje der, men eg vil ikkje byrje ein annan plass heller. Den eine plassen er trygg å kutte liksom. Det kan eg skjule... Problemet er bare gym, eg aner ikkje kva eg skal gjere i gymmen framover mot sommaren. Kanksje eg berre skal få legeærklæring på at eg ikkje kan ha, men då får eg jo heller ikkje karakter. Kanksje eg skal få lov å gå i dusjen tidlegare enn dei andre slik at eg kan få på meg klær før dei kjem inn. Det er kanksje muleg, eg veit ikkje. Det er så masse styr med meg...

Eg fortjener ikkje føle meg bra, eg er ikkje god nok... Eg fortjener ikkje verdens beste type eller verdens beste venner, men fremdeles så har eg det. Eller eg veit ikkje, eg trur ikkje eg har det. Det er min eigen feil då. Så det er vel bare det at eg er ein dårlig venn. Driiiiit....

Nytt år, nye muligheter! Ikkje sant?

Ja, eit nytt år bringer nye muligheiter for kvar og ein av oss. Eg skal få eit betre år enn det året eg no har vore gjennom. Eg føler egentleg ikkje at eg har vore gjennom så utrulig mykje, men likevel ein heil del. All trisheten som eg ikkje klarer å forklare, det har vore hardt. Det at eg ikkje har noke grunn til å føle meg trist gjer ting verre, når eg ikkje skjønner det sjølv. Eg har innbilt meg at eg har lovt meg sjølv ting i hodet, men eg har allerde kuttet, så eg tipper eg ikkje lova meg sjølv det after all liksom. Ved midnatt når rakettene ble skutt opp sendte eg ei stille bønn om at ting måtte bli bedre for meg i det nye året. Spørsmålet er ikkje om eg vil, sjølvsagt vil eg, men eg må få skikk på nedturene.. Eg tenkte på det eg sa om ferier, at eg ikkje likar dei, men eg liker dei betre enn kvardagar. Eller eg veit ikkje..

Men i alle fall, håper du får eit veldig godt nytt år. Mange av doke som les bloggen min fortjener eit betre år enn det doke har vore gjennom heile tida. Eit at nyttårsforsettene mine er å bli flinkere å kommentere andre sine blogger, siden dere er så flinke å kommentere mine. Takk til dere som tar dere tid til å lese og kommentere, det betyr veldig mye for meg...

Godt nytt år! <3