09 januar, 2009

Langt oppdatering?

Ja, her trur eg at eg skal klare og skrive ei ganske lang oppdatering om korleis eg har det for tiden. Me får sjå kva det blir til etterkvart.

I det siste har eg følt at eg har fått det litt bedre med meg sjølv, så sånn generelt. Har hatt bedre dager der eg faktisk har følt litt glede, trur eg. Legg merke til trur eg, for eg veit faktisk ikkje. Tristheten ligger der alltid, sjølv når eg ikkje tenkjer på han. Som om han er blitt ein del av meg, som om eg er blitt avhengig av følelsen eg får av han.

Men samtidig som eg føler meg bedre meg meg sjølv føler eg meg heilt elendig ellers. Trur det er lenge siden eg har vore så dårleg som no. Eg eier ikkje kontakt med omverdenen, utenom treninger og skule. Eg savner vennane mine, men eg orker ikkje gjere noko for å få dei tilbake. Eg orker ikkje tanken på å vera sosial og smile meir enn nødvendig, det blir for slitsamt. Eg liker heller å liggje heime og berre gjere ingenting. Eller eg sitt på facebook, her på bloggen og ser på tv. For eit liv... Eg orker ikkje noko anna. Når ein alltid er trist slepp ein dei store nedturane. Kuttingen og spisingen er igjen et problem. Eller problem og problem, er vel egentleg ikkje det. Kuttingen er bare rasping egentlig, eller mest ein mellomting. Verken eller. Smertegrensen min er veldig lav, altså er det ikkje så mykje som skal til for å lette litt på smerten. Men det er meir og meir fristande og ta tabeletter, kutte og bare gi f***. Det er det eg vil, men det går ikkje... Eg veit det kjem eit liv etter dette helvete og då skal eg vera godt rusta. Då skal eg vera ho som klarte det. Men når eg ikkje har folk eg kan bry meg om, eller folk som bryr seg om meg, då er det tungt. Eg veit Java og Randi at doke bryr doke, men eg trenger folk "in real life". Sånn som Java og Babaja, eit sånnt vennskap vil eg ha, "in real life".

Det er denne veka eg innsåg at eg ikkje var blitt noke betre, når eg snakka med gamlelæraren min. Ho spurte korleis det gjekk med (fiktive navn) Kari, Frida og Karianne, eg kunne ikkje svare. Eg ante ikkje. Kvifor ikkje? Fordi eg har trekt meg vekk. Eg har ingen lengre, og det mest skremmande av alt er at eg ikkje trur eg bil ha nokon. Eg vil berre forsvinne fra jordens overflate i nokre år. Men det ville ikkje fungert, eg ville fått bevis på at verden ville fungert fint uten meg.

Savn er det verste eg veit, kanskje det er derfor eg ikkje vil ha nokon, fordi det da ikkje er noko å savne. Savnet av den einaste personen som eg faktisk kunne snakka med, et meg opp. Eg har sagt det før. Eg savner å berre snakke. Snakke, snakke og snakke meir. Om alt, og ingenting. Ho forsto, eg trur i alle fall ho forsto. Kanskje det har noko med det å gjere? At eg beskyttar meg sjølv mot å savne nokon på samme måten som eg savnar ho?

Alt eg gjer utenom skulen og trening er: Kutting, grining, blogging, facebook, diverse andre ting på pc og å høre på musikk. Nokon gonger kommer det nokre fine innslag av å rydde rommet, rydde kleskapet og sortere det på nytt etter et nytt system eller å danse rundt til gladmusikk. Det er det eg har utanom skule og trening. I sommar skal eg prøve å skaffe meg jobb, men eg kjem aldri til å skrive den søknaden, og eg kjem aldri til å sende han og om eg i det heile tatt klarer å skaffe meg ein jobb veit eg ikkje om eg klarer å gjennomføra han. Det er rett og slett ikkje orkbart. *Sjå slutten av innlegget*

Du må prøve å sjå det positive i ting, er det alltid like enkelt? Nei. Det eg treng hjelp med er nedturane. Eg har meir og meir tru på at noke medisin ville ha funka. Noke som gjorde at eg slappa meir av om kveldane, for det er kveldane som er problemet.

Eg er så sliten at eg berre orkar det eg må gjere, og eg veit ikkje kor lenge det vil fortsette. Men det har eg og sagt fleire gonger. Eg lurer på kor lang tid det går før det ikkje går lengre. Eg kunne trengt eit avbrekk frå kvardagen. Ei lang stund for meg sjølv, der eg kunne gjere kva eg ville. Drikke, shoppe, vera aleine, kutta og alt eg ville. Berre vore meg. Heilt uten å tenke på skule, trening og foreldre. Før var eg god i sporten eg driver på med, no er eg dårleg. Eller det er svingande. Eg kunne blitt god, om eg hadde satsa. Ein periode ville eg satsa, men så kom dette sigande. Denne depresjonen som han sikkert ville blitt kalt blandt vanlege folk. Så eg orka ikkje. Treningane er slitsamme, skikkelig tøffe enkelte gonger. Eg får panikk, får fysisk og psykisk vondt og til slutt bryt eg sammen etter ei treningsøkt. Som i gymmen i dag... Eg har fått legeærklæring på at eg ikkje kan løpe så mykje. Pga sjukdom. Eg skylder på magen. Eg får vondt i magen fordi eg blir dårlig psykisk, det er sjelden det kjemi gymtimane utan at eg er dårleg psykisk. Men det kjem kvar einaste time...

Er det noko eg har gløymt og få med no må doke berre spørre. Doke må og berre spørre dersom doke har lyst at eg skal blogge om noko spesielt, noko som mangler på denne bloggen. Det er berre koslig med tilbakemeldinger.

Akkuratt no føler eg meg heilt grei. Eg kjenner det er eit sammenbrudd på veg, men det kjem ikkje i kveld. Eg trur det kjem i morgon kveld. For eg kan ikkje få det i kveld, fordi eg skal opp tidleg i morgon.

Har du noke forslag til sommerjobb der det ikkje er alt for lange arbeidsdager og det er ulike og varierte oppgåver? Det må vera ein jobb der man har kontakt med mennesker!

1 kommentar:

Java sa...

Vet ikke om det er et alternativ, men jeg vet om en plass da, der de legger det litt opp til hva som passer osv. Men kan bare si det til deg på msn;)

Kjenner meg igjen i veldig mye av det du skriver! Jeg "fant" ikke babaja før rundt denne tiden ifjor da, så, det er håp for deg enda også, hehe^^,

"Ei lang stund for meg sjølv, der eg kunne gjere kva eg ville. Drikke, shoppe, vera aleine, kutta og alt eg ville. Berre vore meg. Heilt uten å tenke på skule, trening og foreldre."

Nå er ikke jeg den rette til å snakke, likevel, jeg tror egentlig ikke en sånn pause nødvendigvis hjelper, lett det gjør alt verre...Et alternativ er jo innleggelse, men da må du nesten krysse vekk kuttingen og alt det:P
På åpen avdeling mener jeg...Det burde pyskologen kunne søke på for deg !!