29 januar, 2009

No er det kroppen som snart svikter...

Kroppen min har vore heilt dau i ei veke no, heilt sidan mandag. Ingen dagar eg har kunne sove ein time lengre. Har vore hos psykologen ein gong, og skal ein gong i morgon og, så det blei no litt avbrekk. Eg skal ha gym i morgon, noko eg gruar meg til. Eg hater gym på videregåande, sjølv om gymlæraren min veit om at eg får angst. Eller eg veit ikkje om det er angst eg, men eg kan grine meg i seng fordi eg gruar meg sånn. Alt er skummelt med gymmen, byttingen, dusjingen, løpingen og alt! Men eg MÅ dusje, heldigvis er det berre eg og ei anna som dusjer, og ho har eg kjent i mange år.

Eg gruer meg til å vera sosial i morgon, eg har ikkje lyst. Eg vil heller bare gøyme meg under dyna og sove. Og typen min avlyste på laurdag, så no veit eg ikkje om eg får vera med han i helga. Eg savner han... han aner ikkje kor mykje han betyr for meg, kor mykje betre eg egentlig har det i periodar når eg er med han. Å elske er eit sterkt ord, men eg trur eg gjer det, eg veit eg gjer det. Eg elsker han, og det har eg gjort lenge...

Nokon som har ønskjer om kva eg skal blogga om er det berre å slenga dei inn her? kanskje den som kommer med det beste forslaget skal få premie. Eg venter enda for å sjå kva premie eg får av java fordi eg leste heile bloggen hennas:D

1 kommentar:

Java sa...

Haha:P Oki, premien min er å gi deg et bra forslag!

Uhm. Eller.
Du kan ta tester og poste de på bloggen så jeg føler meg litt mindre dum for at jeg gjør det hele tiden? xD

Og skriv om alt du og psykologen din snakker om :D