30 oktober, 2008

Det går desverre ikkje heilt bra..

*peke på overskrift*
Eg er sliten, men ikkje så sliten at eg føler at eg kan sjukemelde meg.
Eg skal få tilrettelegging på skulen, men er eg letta? Nei, tvert imot.
Og i tillegg savner eg ho, meir enn eg trudde sjølv inntil i går...

Eg klarte å lure meg sjølv veldig lenge...

... ho berre køyrte forbi meg, det var ein tilfeldighet at eg såg ho, det gjekk opp for meg at eg savna ho, så sinnsykt. Eg har trudd sjølv og sagt til alle andre om at eg ikkje bryr meg lengre, men sannheten er at eg gjer det. Eg trenger nokon å snakka med, nokon som ikkje skal dømma meg, vurdera meg og behandla meg uten at det koster samfunnet alt for mykje.

Det skal så lite til for å få meg til å falle ned igjen, og no veit eg ikkje...

29 oktober, 2008

Kan ikkje forklare det...

... Men eg er ikkje bra. Eg trur eg nevnte at eg ville prøve å skaffe meg ei sjukemelding neste veke, men eg har snakka med rågiver og kontaktlærar om tilrettelegging i dag og samvittigheten min seier at no MÅ eg jo bli betre siden dei prøver å leggje til rette for meg. No er det berre livet mitt som må fiksast...

27 oktober, 2008

Eg er ikkje i form...

... Eg føler meg ikkje bra psykisk, i morgen må eg krype til korset angående en tysklekse eg ikkje har fått gjort, eg har ikkje orka.

Eg trur eg prøver å skaffe meg ei sjukemelding frå mandag, for eg treng ein pause...

26 oktober, 2008

Bedre i dag?

Joda eg er betre i dag. Stikk til sengs no snart, før klokka 10? Eg er bitt sær...

Det slo meg i dag at eg er blitt sterkare, eg klarer å reise meg igjen etter ein nedtur mykje fortare enn før, det merka eg i går. Eg veit at det å kaste opp ikkje reknast som sterkt, men likevel... Eg kjenner eg er blitt sterkare, det skal meir til enn det der for å rive meg ned til bunnen. Eg klarer meg...

Og til doke andre som sliter, ein blir sterkare av det, og til slutt vil ein vera glad for det...

25 oktober, 2008

In the end everything is okay....

Det hadde blitt enda meir kllisje å hatt den overskriften på norsk (til slutt er alt heilt fint), eg syns i alle fall det var finare med ho på engelsk.

Men i dag hadde eg det fint, kanskje litt for fint, nesten manisk. I løpet av i går kveld og i dag før klokka halv fem rydda eg og støvsugde rommet (noko som ikkje har vore gjort på leeeenge, over ein måned trur eg). Så kom kræsjen klokka halv fem. Eg hadde ein avtale med ei vennine, me skulle sjå DVDer, bake skillingsbollar og prate, men ho kunne ikkje. Eg berre datt heilt sammen, begynnte å grine hysterisk i ein halv time kanskje. Sendte meldinger med ei eg kjenner då, noko eg trur hjalp. Eg hadde på følelsen at alle eg eg glad i etterkvart forsvinner, berre fordi vennina mi ikkje kunne komme likevel. Det er på ein måte berre denne veninna eg har igjen, eg føler eg har dytta vekk alle andre, folk forventer at ein skal bli bra igjen like fort som om ein har omgangsyken, noko som ikkje er tilfelle med ein depresjon (eller i følge psykologen min er det ikkje det som er i vegen). Eg forventar ikkje at folk skal forstå korleis eg har det, men eg forventar at dei prøver å forstå. Når ein person har kreft blir dette tatt hensyn til, på både positive og negative måter. Dette er ein sjukdom folk ser med egne auge, derfor blir han meir ekte for dei. Depresjon er psykisk, noko ein veldig sjelden ser, derfor er det vanskeleg å akseptere.

Men poenget mitt var at eg var heilt ute av meg i ein halv time, eg berre grein og grein, maskaraen rant nedover kinna som om eg var med i ein eller anna suppete kjærligheitsfilm. Det stoppa, eg blei sulten så eg lagde mat. Augene var raude i fleire timar etterpå. Etter at eg hadde laga mat og ete litt snop og drokke ei stor flaske cola kasta eg opp. Ja, med vilje. Og eg som trudde det var slutt på den tida.

Eg lurer på om eg skal få ein sjukemelding neste gong eg er hos legen, om eg ikkje hadde vore så redd for telefonar som eg er, kunne eg berre ha ringt ned til legen på mandag, men eg er altså redd for telefonar...

23 oktober, 2008

Kanskje eit svar på kva som er i vegen?

Jo, som overskriften seier kom psykologen min med eit forslag til kva som kunne vera galt i dag. Eg knyttar meg veldig sterkt til ressurspersoner. (når eg tenkjer på det no har eg berre knytta meg til ei, gamlelæraren min). Han meinte at dette var grunnen til mitt litt anspente forhold til foreldrene mine, og at eg var så knytta til dei at eg trudde eg aldri ville klare meg aleine, derfor var eg begynnt å dra meg vekk fra dei allereie. Dei er dei største ressursepersonane i livet mitt og derfor trur eg at eg ALDRI kjem til å klare å lausrive meg frå dei, men eg veit det ikkje stemmer. Om dei vil gje slipp på meg er ein annan sak.

Eg må sei at etter meir eg tenker på det etter meir logisk, men og meir ULOGISK virker det. Eg vil vekk ifrå mamma og pappa, fordi eg vil bevise for dei at eg klarar meg sjølv og sleppe bemerkninger om at eg er bortskjemt og ikkje kan styre mine egene penger og ta vare på meg sjølv. Eg har aldri fått bevist det. Kanskje eg klarer det, kanksje eg ikkje klarer det, men du kan ikkje dømme nokon før ein har bevis. Eg vil prøve, men eg snakkar så dårleg med foreldrene mine at eg ikkje tørr, fordi eg får alle bermerkningene med at eg er bortskjemt og ikkje klarar meg sjølv. Eg vil bevise det.

Me snakka nett så vidt om at eg dytta alle folkene eg var glad i vekk og at det berre var ei som fremdeles hadde litt innpass. Ho er den einaste som ikkje tar eit nei for eit nei og som masar om korleis eg har det heilt til eg seier det, ho ser om eg lyg. Det er ho eg vil bu saman med, fordi ho er kanskje mi beste venninne, fordi ho veit og forstår at nokon gonger må ein berre klare seg sjølv. Ho ser når eg treng det. Eg trur me ville klart oss fint ilag. Psykologen min meiner at den einaste grunnen til at eg ikkje dyttar ho vekk i tillegg er fordi ho tar vare på meg, akkuratt som alle ressurspersonane har gjort til no. Eg ser ikkje logikken i det der. Eg har aldri kunne logge i fanget til nokon å grene og etterpå le meg skakk i hjel med nokon av ressurpersonane eg har knytta meg til (det er ikkje fleirtall ein gong, det er i eintall, gamlelæraren min). Der var det snakk om det å vite at nokon var der for meg dagen etter, det gjorde meg trygg. Eg veit jo at mamma og pappa er der, men eg treng dei ikkje heile tida, eg vil faktisk begynne å klare meg sjølv i ein alder av 16 år.

Så psykologen min har godtatt å skirve under ein søknad om stipend for meg, for eg bur på grensen til bortebuarstipend, både i reisetid og i antall km, det som då kan gje deg stipend er eit brev frå lege eller psykolog som seier at du flytter for ditt eget beste. Han skal snakke med foreldrene mine, når dei ikkje har meg heime kan dei jo sponse meg utenom, så kan eg bestemme over pengane sjølv. Ideen kjennes herleg ut, eg treng berre nokon å bu saman med og ho eg vil bu med får ikkje lov, så eg treng noken andre. Blir nok vanskeleg, men eg skal nok klara meg, eg skal finna nokon. No er det berre å overtale foreldra mine... Kanskje eg då vil forandra meining igjen...

21 oktober, 2008

Grinebyger...

Eg er inne i ein periode full med grinbyger for tiden, eg prøvar å huske den tida eg ikkje grein då det å grina var mitt høgaste ønske...

Akkuratt no vil eg ikkje grina meir, no vil eg vera følelsenlaus... Men ein vil alltid ha det ein ikkje kan få;)

Lei av å ikkje bli tatt på alvor...

Eg er litt lei av å prøve å få fram at eg trenger meir hjelp enn det eg får no, det er ikkje meininga og vera kresen, noko eg garantert framstår som no, men eg treng meir hjelp, ikkje for å overleve, men rett og slett for å ha det greit. Det blir løgn og sei eg har det greit no, følelser styrer heile livet mitt, ALT eg gjer... Greit nok, slik er det for alle mennesker, men eg tviler litt på at frykten for negative følelser er med på å styre livet dokas kvar einaste dag?

Eg klarer meg på skulen..
eg vil aldri bryte heilt saman sånn at eg ikkje går på skulen på fleire veker...
eg vil aldri komme innunder kjenneteikn på ein som treng hjelp...
DESVERRE!
Unnskyld at eg seier det, men eg las ein gong at: Det er vanskeleg å oppsøke hjelp, men det er enda vanskelegare når ein ikkje får den hjelpen ein treng...

Så kva meiner doke? Er eg "for frisk" til å vera "sjuk nok" til å få hjelp?

20 oktober, 2008

Tidleg til sengs.

No har eg gjort leksene til i morgen i ein feiane fart, og no går eg på badet. Tenkt meg i seng før klokka 22.00.
Eg har seriøst vondt "der nede" altså. VEit ikkje kva det er, men det svir skikkeleg... Blæææ!

Men god natt!

19 oktober, 2008

ehm...

kanksje eg ikkje føler meg så ille i dag, kanskje eg rett og slett føler meg ganske bra. Det er berre dei normale tinga som plagar meg i dag, slike ting som at eg vil ikkje opp tidleg i morgon og eg trur eg har spist litt mykje i dag. Utenom det har eg det faktisk... fint... trur eg...
.

17 oktober, 2008

Fuck...

der gikk alt i vasken... Eg treng ein klem, eller eg trenger ingen. Det gjekk nettopp oppf or meg, eg klarer meg heilt fint aleine. Det er noe som er forsvunnet...

16 oktober, 2008

Eit vers..

Dette verset seier det eg ikkje klarer å sei sjølv, eg trenger meir hjelp enn det eg får no:

I'm lost her- I can't make it on my own
I don't want to die alone
I'm so scared
Drowning now
Reaching out
Holding on to everything I know
Crying put
Dying now
Need some help

Is anybody listening?
CAn you hear me when I call?
Shooting signals in the air
I need somebody's help
I can't make it on my own
I'm giving up myslef
Is anybody listening?

Psykologtimen i dag..

I går hadde eg eit sammenbrudd igjen, eg berre grein og grein og eg er i etterkant glad for at eg ikkje huska kor eg hadde lagt barberbladene mine, for dei hadde blitt brukt i går. Eg sov 4-5 timar i natt, våkna klokka 5 og hadde heilt panikk fordi eg ikkje visste kva klokka var, etter at eg hadde stressa for å finne mobilen for å sjå at klokka berre var 04.54 la eg meg igjen, men fekk aldri sove skikkelig igjen, så eg sto opp klokka 06.00.

Skulle ha psykologtime klokka 09.00 og var tidleg ute, bussen min er der klokka 08.05 omtrent, så eg gjekk oppom skulen med sekken fyrst og kjøpte meg ein tyggis. Satt ei stund på busstasjonen før eg bevegde meg bort til psykologen. Det var ein kjiip begynnelse på samtalen, eg sa ingenting, han venta på at eg skulle sei noko. Det vart ikkje sagt noko på ein evighet. Så byrja me forsiktig å snakka om kva som hadde skjedd siden forgje gong, før me snakka om kva som var gale igjen. Eg sa eg ikkje følte han tok meg seriøst så derfor var det ikkje nokon vits i å sei så masse, det blei berre snakk uansett. Så snakka me om at han ikkje ante kva som var gale fordi eg ikkje passa innunder kategorien deprimert fordi eg framleis fekk toppkarakterar, eg tørr ikkje sei at dei ikkje er fortjent, eg kan ikkje innrømme at eg jukser heller då, eller får spørsmåla på førehand, og det blir litt teit og sei det no då. Så spurte han om eg VILLE vera deprimert, ja du las rett. Eg lo berre av han, ingen vil det. Nokon gonger skulle eg ønskje eg strauk på skulen så han tok meg litt meir seriøst enn han gjer. Han sa han ikkje trudde det men han måtte spørre og då spøkte eg med at eg var ein "psykisk hypokonder". Det hadde han aldri vore borti før så i så fall skulle den sjukdomen vera oppkalt etter han, men eg meinte han burde vera oppkalt etter meg.

Me krangla og om musikk, eg meiner musikk er personleg eg, noko ein har for seg sjølv, noko som definerer deg som person. Han tok ikkje poenget mitt, meinte eg berre var redd for at folk ikkje skulle lika musikkstilen min, men eg har jo ingen musikkstil, eg høyrer jo på alt omtrent. Han sa at eg måtte komma med eit eksempel om nokon ein kunne forstå utifrå musikken dei høyrte på, då kom eg med ei venninne som eksempel, ho høyer jo berre på kjærligheitsmusikk for tida, der jenta ikkje blir sett eller kva guten gjer med kjenslene til jenta. Joda, eg ser ho er forelska, det llyser lang vei, og at ikkje denne gutten har oppdaga det er eit under, han burde nesten blitt det 8. underveket (det er verdens 7. underverker frå før sant?). Så me krangla om det ei stund. Neste gong har eg bestemt meg for å gi han ein bunke med sangtekstar og sei merke av dei delane som beskriver meg, har alerede funne ein del av dei og tusja litt her og litt der. Me snakka og om det å utrykke seg skriftleg, at eg gjorde det betre enn muntleg, og eg trur at eg nevner det med blogg neste gong...

På slutten kom me egentleg aldri fram til noko, men eg hadde det no betre enn når eg kom inn i alle fall...

Men eg veit ikkje om eg nokonsinne blir betre når eg aldri får ein diagnose å jobbe utifrå, då kunne psykologen ha hjulpet meg på veg. Kanksje eg berre er sånn, kanskje eg berre er født til å vera negativ?

15 oktober, 2008

**** altså...

... eg er ikkje motivert for ein ny start, eg klarer ikkje, eg treng meir hjelp enn eg har no... Så vær så snill, bare få "det" til å forsvinne av seg sjølv, eg er ikkje sterk nok til å kjempe....

14 oktober, 2008

Flink...

eg syns eg var flink å blogge i går, så blir ikkje så mykje i dag. Kjem nok eit langt innlegg i morgen, eller eit skriv som eg gir til psykologen min om korleis ting kan bli betre;)

13 oktober, 2008

Utdjuping...

Som du sikkert har lagt merke til har det ikkje vorte så mykje blogging på meg i det siste, men det er mykje som foregår i hodet mitt. Kanskje ein del negativt, kanskje ein del positivt, eg veit eigentleg ikkje kva som foregår. For å systematisere dette innlegget mitt kan eg no sei litt om kva som har skjedd i det siste.

Byrja på p-piller: Fekk p-piller igjen av legen fordi eg er premensturell og aldri veit når eg får mensen, noko som er drit. Dette er same p-pillen eg fekk for kviser for nesten to år sidan og eg håpar ikkje det var dei som utlauste depresjonen, då må eg slutte på dei igjen. Det er verdt å nevne at eg var kvisefri når eg gjekk på dei.

Tilrettelegging på skulen: Skulle liksom komme i orden forgje veke, men blei ikkje noke ut av det trur eg, eg håpar berre at psykologen min har ringt til skulen slik han lova han skulle gjere. Eg får tre mindre skuletimar i veka, evt kanskje fem, utifrå om eg vil droppa gymmen eller ikkje, har ikkje bestemt meg der enda, er liksom enkelte ting eg vil vera med på, og enkelte eg for alt i verda vil unngå. Trur det skal bli deilig å få sove litt lengre ein dag i veka. Eg har til og med tid til å stikkje innom gamlelæraren min ein time om eg vil ein gong i blandt. Tenkte eg skulle vente ein måned eller to før eg spørr igjen, har passa dårleg dei første vekene no og ho har det nok travelt. Det har blitt litt masse skulearbeid i det siste, det er ein del slit med det og eg får meg ikkje til å gjere så mykj etter skulen fordi eg føler det allereie er for mykje arbeid på skulen. Er ofte veldig trøtt på skulen, det gjer at eg ikkje klarar å konsentrere meg.

Eg har bestemt meg for å bli betre: Eg gidd ikkje meir. Eg klarar det kanskje ikkje på første forsøk, men eg skal prøva og til slutt vinna. Planen, som eg snakka litt om tidlegare, går ut på at eg opprettar ein blogg osm psykologen min les før kvar time, her skriv eg meir detaljert kva som skjer, kva som gjorde at eg følte ditten og datten og ein avslutning der eg kanksje alltid skal finne tre positive ting eg ser fram til. Då kan han ta utgangspunkt i bloggen når me kjem til samtalen vår... Ellers vil eg gjerne ha eit belønningsystem, kanskje som foreldra mine er med på, slik at dei føler at dei bidrar. Kanskje belønningen om eg klarer det kan vera at eg får flytta til sommaren om eg då framleis vil det?

PLanen til helgen: Eg tenkte eg skulle hive foreldra mine ut av huset og rydda og vakse heile huset (kanskje berre øverste etasje) og laga middag til dei kjem heim. Joda, det at eg i det heile tatt orkar tanken er utruleg egentlig...

Meg og x-en:
Har på ein måte fått snakka ut, men det blir aldri noko meir og eg likar ikkje tanken på at me er i samme vennekrets. Dei få gangane me er ilag er det liksom greit nok, men eg klarar han ikkje over lengre tid. Han såra meg alt for mykje til at eg nokonsinne vil stola på han igjen

Også har eg to avsnitt om to venninner:
venninne 1: Skjønnar ikkje heilt alvoret med meg og korleis eg har det og når eg fortalte ho at eg og x-en hadde "fiksa ting" sa ho: Det var det eg sa, og du som stressa over at doke var i samme klasse. Eg kunne aldri gått i samme klasse som han, og sjølv om eg no kan sjå på han utan å kjenne hatet boble betyr ikkje det at alt er fint.
Venninne 2: Eg savnar ho, noko har forsvunnet mellom oss. Kanskje det blei for mykje for deg, noko eg skjønnar godt, ein kan ikkje vera med ei som er deprimert i stor prosjonar utan ein pause. På ein måte saknar eg deg, på ein anna måte ikkje. Gutteproblema dine kan ikkje sammanlignast med depresjonen min, men for deg kan dei nok det, siden du aldri har kjent på ein depresjon. Me lever i to heilt ulike verdnar, dine største bekymringar eg om guten du likar likar deg og, mens mine er om eg vil klara å fullføra skulen, ikkje karaktermessig, men fraværsmessig. Her om dagen sa du at u hadde sove kanskje 5 timar, eg lot då vera og sei at eg visste korleis det kjenntes, for då virkar det berre som om eg vil framheve mine eigne problem.

Eg har venner som eg bryr meg utruleg masse om, sjølv om eg kanskje skulle ønskje dei eg har nevnt over kunne vore meir dei personane eg ønskjer dei skal vera, men eg veit det er umulig. Me er for ulike, og sjølv om me ikkje er bestevenner vil eg alltid vera der likevel, i meir eller mindre grad.

Eg er på veg mot toppen, om doke vil vera med så får doke henga doke på, om ikkje får doke sleppa når doke føeler for det. Det blir ein hard kamp, kanskje med ein skikkelig nedtur før ting blir betre. Men det som skal vera sagt er at dei vennane mine som heldt ut gjennom heile den kampen, dei vil alltid vera stempla som VIP i mitt hjerte. Der er det framleis plass til fleire, berre eit sete er reservert... OG for å vera heilt ærleg veit eg ikkje om eg vil ha med meg fleire enn denne eine personen...

12 oktober, 2008

Ein vei ut...

det må jo finnast ein eller annan veg ut av dette vonde mønsteret, men eg veit ikkje om eg klarer å finna den vegen på egenhånd.
Eg har hatt ei fin helg så langt, men no skulle eg berre ønskje eg kunne sette ord på kva som var gale og grine....

Må opp tidlig i morgen, gruar meg...

09 oktober, 2008

Sliten

Eg er berre litt sliten, men eg har ein ide til korleis eg kan bli betre, vil ikkje leggje han ut her, må først få psykologen med på det og sånn. For eg treng å bli betre...

08 oktober, 2008

Litt opprivande dag...

Dagne i dag har vore... ehm.. kva skal eg sei? Litt merkelig, litt travel kanskje.
Var tre timar på skulen, hadde ikkje lærar nokon av dei, så megjorde veldig lite, facebook er då ein klar vinnar, men eg fekk øvd litt på prøven me skal ha i morgon då. Men poenget var at eg gjekk til psykologen min etter tredje time og det skjedde utruleg lite. Han ville ta opp det me snakka om ein gong på tape fordi at han skal gjennom ein vurderingsrunde om han er ein god nok behandlar, eg meiner han er det. Men eg godtok det med å ta det opp på tape, så no blir snart stemma mi foreviga for alltid, hehe! Men poenget er at han seier eg skal jobba, at eg må bestemme meg for kva eg vil, men eg veit ikkje, og eg trenger hjelp til å finne ut av det. Det er ikkje vits i å byggje eit hus om det ikkje har ein grunnmur. Eg treng hjelp til å byggja grunnmuren. Men han meiner det berre er opp til meg, men eg er redd for nedturane som kjem når eg skal starte ein sånn kamp. Eg trenger meir hjelp, og eg skulle virkeleg ønskje at han innsåg det, men eg veit ikkje kva som skal til for at han gjer det. Eg klarar meg på skulen, har vennar og eg er ikkje lenger ein sjølvskadar, derfor fallar eg ikkje innanfor standardmalen for ein som slit, så eg føler han ikkje tar meg alvorlig.

Seinare på dagen var det ien tur til fastlegen, utanom å diskutera kva det var som feilte magen min snakke me om korleis eg hadde det, korleis ting hadde forandra seg siden eg kom til ho fyrste gongen. Eg fortalte ho det samme eg sa til psykologen om at eg følte eg ikkje fekk den hjelpen eg trengte. Ho sa seg enig, kanksje berre for at eg skulle føle meg betre.

Eg veit ikkje om ting har blitt betre eller kva det har, men eg tok ein ny depresjonstest i dag, og den fekk eg høgare score på ein forgje gong eg tok samme testen... Så eg veit ikkje eg...

Tenkte eg skulle prøve å hive ut eit til innlegg i løpet av kvelden...

07 oktober, 2008

Ein topp dag som plutselig blei kjiip

*peike på overskrift*
Eg hadde ein fin dag, han starta ganske fint og eg var ganske glad egentlig, så gjekk alt rett vest etter skulen, eg veit ikkje kvifor, nokon gongar berre skjer det. Eg pratar ikkje med nokon om korleis eg har det lengre, eller jo, eg har to personar som veit ein del, men dei kjenner eg ikkje skikkeleg ein gong og dei bur langt vekke. Kanskje derfor eg klarar å snakka med dei. Folk som eg ser kvar dag klarar eg ikkje, det blir for mykje, eg latar som eg har det fint, lyger dei rett opp i trynet for at dei skal sleppe unna meg og mine problemer. Og det er ikkje vits i å sei at doke er her for meg, for det har ikkje noko og sei, eg utgjer igngen forskjell.

Eg trenger ei skulder å grina på, eg trenger nokon som bryr seg og den personen eg trenger kjem aldri til å vera der for meg på den måten.

I just need....

....something worth fighting for....

06 oktober, 2008

Savn

Ja, savn det er ein merkeleg følelse eg trur alle har i liten eller stor grad heile tida. Eg savner venninna mi. Eg veit ikkje når ting endra seg, men dei endra seg i alle fall ein eller annan gong.

Og om du framleis leser bloggen min så veit du alle fall at eg savnar deg...

04 oktober, 2008

So your scars fade away
You soaked up the pain
A better person 'cause you lived through those days
And now you know what it's like to prove
You can overcome anything that gets to you

02 oktober, 2008

But we all bleed the same way as you do
And we all have the same things to go through

Om dette er sant, kvifor kan ikkje nokon sei meg korleis dei kjem seg gjennom det...

01 oktober, 2008

Nedtur.

*Deler av innlegg sensurert*

For å gjere lang historie kort (og for å ikkje virka alt for negativ), eg har ein nedtur. Veit ikkje kvifor han kom. Men dette er ein skikkelig nedtur, ein sånn eg ikkje veit om eg kjem meg ut ifrå...

She lights a candle, but she doesn't know why.
She wants to save me, but i'm barely alive.
My soul is thirsty. I just wanna get high.
Make her go away.

Now i'm hitting the wall and she begs me to quit,
And she drags me to church but i'm scared to commit,
And i'm loosing my mind 'cause she hides all my shit.
She wont go away.

And all I ask of her is
Pray for me,
'Cause I don't want to
Pray for me,
If you love me.
Cross your heart and hope that I wont die before the best day of my life.
Just pray for me tonight.