23 oktober, 2008

Kanskje eit svar på kva som er i vegen?

Jo, som overskriften seier kom psykologen min med eit forslag til kva som kunne vera galt i dag. Eg knyttar meg veldig sterkt til ressurspersoner. (når eg tenkjer på det no har eg berre knytta meg til ei, gamlelæraren min). Han meinte at dette var grunnen til mitt litt anspente forhold til foreldrene mine, og at eg var så knytta til dei at eg trudde eg aldri ville klare meg aleine, derfor var eg begynnt å dra meg vekk fra dei allereie. Dei er dei største ressursepersonane i livet mitt og derfor trur eg at eg ALDRI kjem til å klare å lausrive meg frå dei, men eg veit det ikkje stemmer. Om dei vil gje slipp på meg er ein annan sak.

Eg må sei at etter meir eg tenker på det etter meir logisk, men og meir ULOGISK virker det. Eg vil vekk ifrå mamma og pappa, fordi eg vil bevise for dei at eg klarar meg sjølv og sleppe bemerkninger om at eg er bortskjemt og ikkje kan styre mine egene penger og ta vare på meg sjølv. Eg har aldri fått bevist det. Kanskje eg klarer det, kanksje eg ikkje klarer det, men du kan ikkje dømme nokon før ein har bevis. Eg vil prøve, men eg snakkar så dårleg med foreldrene mine at eg ikkje tørr, fordi eg får alle bermerkningene med at eg er bortskjemt og ikkje klarar meg sjølv. Eg vil bevise det.

Me snakka nett så vidt om at eg dytta alle folkene eg var glad i vekk og at det berre var ei som fremdeles hadde litt innpass. Ho er den einaste som ikkje tar eit nei for eit nei og som masar om korleis eg har det heilt til eg seier det, ho ser om eg lyg. Det er ho eg vil bu saman med, fordi ho er kanskje mi beste venninne, fordi ho veit og forstår at nokon gonger må ein berre klare seg sjølv. Ho ser når eg treng det. Eg trur me ville klart oss fint ilag. Psykologen min meiner at den einaste grunnen til at eg ikkje dyttar ho vekk i tillegg er fordi ho tar vare på meg, akkuratt som alle ressurspersonane har gjort til no. Eg ser ikkje logikken i det der. Eg har aldri kunne logge i fanget til nokon å grene og etterpå le meg skakk i hjel med nokon av ressurpersonane eg har knytta meg til (det er ikkje fleirtall ein gong, det er i eintall, gamlelæraren min). Der var det snakk om det å vite at nokon var der for meg dagen etter, det gjorde meg trygg. Eg veit jo at mamma og pappa er der, men eg treng dei ikkje heile tida, eg vil faktisk begynne å klare meg sjølv i ein alder av 16 år.

Så psykologen min har godtatt å skirve under ein søknad om stipend for meg, for eg bur på grensen til bortebuarstipend, både i reisetid og i antall km, det som då kan gje deg stipend er eit brev frå lege eller psykolog som seier at du flytter for ditt eget beste. Han skal snakke med foreldrene mine, når dei ikkje har meg heime kan dei jo sponse meg utenom, så kan eg bestemme over pengane sjølv. Ideen kjennes herleg ut, eg treng berre nokon å bu saman med og ho eg vil bu med får ikkje lov, så eg treng noken andre. Blir nok vanskeleg, men eg skal nok klara meg, eg skal finna nokon. No er det berre å overtale foreldra mine... Kanskje eg då vil forandra meining igjen...

4 kommentarer:

Luchi sa...

Ja, om eg får lov, så kan eg selvfølgelig bu med deg, trur ikkje eg hadde hatt nåken store problem med det, men du må bestemme deg sjøl. Eg veit jo godt at eg ikkje er førstevalget ditt og alt dette, og sånn, men eg får følelsen av at du kanskje heller vil det enn å bu heime stort lenger:) Men det er som sagt heilt opp til deg, og eg forstår det gost om du ikkje vil det:P Det er nok ein del problem som vil oppstå om eg kjenner oss rett:P Men som sagt er det berre å spørre så ska eg prøve å overtale mamma og T om lov.. Og eg blir ikkje såra om du seier nei, eg berre tenkte at no veit du det, så får du gjere som du vil;) Glad i deg <3

Injured Hero sa...

Jo, det vil eg gjerne, eg trudde faktisk ikkje du ville med meg. Det einaste eg trur er veldig viktig er at me hadde gått gjennom ein del ting som kunne skjedd.
F.eks det at når eg ville vera aleine var eg aleina og at me ikkje gjorde så veldig mykje ilag då sidan me gjekk oppå kvarandre heile tida;)

Men eg trur det ville funka heilt greit derosm me tok våre forhåndreglar og var opne for diskusjonar...

Luchi sa...

Ja, det var det eg tenkte. Eg vil gjerne, men ser nok kordan du har fått det inntrykket. Eg hadde det samme sjøl:P Men vil du at eg ska spørre mamma og T?

Injured Hero sa...

Du kan jo begynne å hinte, vil nok ta litt tid før eg tørr å spørre:P
Men trur du tjener på å spørre lengst mulig i forveien...