16 oktober, 2008

Psykologtimen i dag..

I går hadde eg eit sammenbrudd igjen, eg berre grein og grein og eg er i etterkant glad for at eg ikkje huska kor eg hadde lagt barberbladene mine, for dei hadde blitt brukt i går. Eg sov 4-5 timar i natt, våkna klokka 5 og hadde heilt panikk fordi eg ikkje visste kva klokka var, etter at eg hadde stressa for å finne mobilen for å sjå at klokka berre var 04.54 la eg meg igjen, men fekk aldri sove skikkelig igjen, så eg sto opp klokka 06.00.

Skulle ha psykologtime klokka 09.00 og var tidleg ute, bussen min er der klokka 08.05 omtrent, så eg gjekk oppom skulen med sekken fyrst og kjøpte meg ein tyggis. Satt ei stund på busstasjonen før eg bevegde meg bort til psykologen. Det var ein kjiip begynnelse på samtalen, eg sa ingenting, han venta på at eg skulle sei noko. Det vart ikkje sagt noko på ein evighet. Så byrja me forsiktig å snakka om kva som hadde skjedd siden forgje gong, før me snakka om kva som var gale igjen. Eg sa eg ikkje følte han tok meg seriøst så derfor var det ikkje nokon vits i å sei så masse, det blei berre snakk uansett. Så snakka me om at han ikkje ante kva som var gale fordi eg ikkje passa innunder kategorien deprimert fordi eg framleis fekk toppkarakterar, eg tørr ikkje sei at dei ikkje er fortjent, eg kan ikkje innrømme at eg jukser heller då, eller får spørsmåla på førehand, og det blir litt teit og sei det no då. Så spurte han om eg VILLE vera deprimert, ja du las rett. Eg lo berre av han, ingen vil det. Nokon gonger skulle eg ønskje eg strauk på skulen så han tok meg litt meir seriøst enn han gjer. Han sa han ikkje trudde det men han måtte spørre og då spøkte eg med at eg var ein "psykisk hypokonder". Det hadde han aldri vore borti før så i så fall skulle den sjukdomen vera oppkalt etter han, men eg meinte han burde vera oppkalt etter meg.

Me krangla og om musikk, eg meiner musikk er personleg eg, noko ein har for seg sjølv, noko som definerer deg som person. Han tok ikkje poenget mitt, meinte eg berre var redd for at folk ikkje skulle lika musikkstilen min, men eg har jo ingen musikkstil, eg høyrer jo på alt omtrent. Han sa at eg måtte komma med eit eksempel om nokon ein kunne forstå utifrå musikken dei høyrte på, då kom eg med ei venninne som eksempel, ho høyer jo berre på kjærligheitsmusikk for tida, der jenta ikkje blir sett eller kva guten gjer med kjenslene til jenta. Joda, eg ser ho er forelska, det llyser lang vei, og at ikkje denne gutten har oppdaga det er eit under, han burde nesten blitt det 8. underveket (det er verdens 7. underverker frå før sant?). Så me krangla om det ei stund. Neste gong har eg bestemt meg for å gi han ein bunke med sangtekstar og sei merke av dei delane som beskriver meg, har alerede funne ein del av dei og tusja litt her og litt der. Me snakka og om det å utrykke seg skriftleg, at eg gjorde det betre enn muntleg, og eg trur at eg nevner det med blogg neste gong...

På slutten kom me egentleg aldri fram til noko, men eg hadde det no betre enn når eg kom inn i alle fall...

Men eg veit ikkje om eg nokonsinne blir betre når eg aldri får ein diagnose å jobbe utifrå, då kunne psykologen ha hjulpet meg på veg. Kanksje eg berre er sånn, kanskje eg berre er født til å vera negativ?

1 kommentar:

Luchi sa...

Hihihi:P Du brukte meg som eksempel xD Eg hører ikkje berre på det, men er det eg legg ut på bloggen ja:P Du har nok ett poeng xD Eg er enig med deg, musikk er enormt personlig!!

Bra du følte deg bedre når du var ferdig:)