08 oktober, 2008

Litt opprivande dag...

Dagne i dag har vore... ehm.. kva skal eg sei? Litt merkelig, litt travel kanskje.
Var tre timar på skulen, hadde ikkje lærar nokon av dei, så megjorde veldig lite, facebook er då ein klar vinnar, men eg fekk øvd litt på prøven me skal ha i morgon då. Men poenget var at eg gjekk til psykologen min etter tredje time og det skjedde utruleg lite. Han ville ta opp det me snakka om ein gong på tape fordi at han skal gjennom ein vurderingsrunde om han er ein god nok behandlar, eg meiner han er det. Men eg godtok det med å ta det opp på tape, så no blir snart stemma mi foreviga for alltid, hehe! Men poenget er at han seier eg skal jobba, at eg må bestemme meg for kva eg vil, men eg veit ikkje, og eg trenger hjelp til å finne ut av det. Det er ikkje vits i å byggje eit hus om det ikkje har ein grunnmur. Eg treng hjelp til å byggja grunnmuren. Men han meiner det berre er opp til meg, men eg er redd for nedturane som kjem når eg skal starte ein sånn kamp. Eg trenger meir hjelp, og eg skulle virkeleg ønskje at han innsåg det, men eg veit ikkje kva som skal til for at han gjer det. Eg klarar meg på skulen, har vennar og eg er ikkje lenger ein sjølvskadar, derfor fallar eg ikkje innanfor standardmalen for ein som slit, så eg føler han ikkje tar meg alvorlig.

Seinare på dagen var det ien tur til fastlegen, utanom å diskutera kva det var som feilte magen min snakke me om korleis eg hadde det, korleis ting hadde forandra seg siden eg kom til ho fyrste gongen. Eg fortalte ho det samme eg sa til psykologen om at eg følte eg ikkje fekk den hjelpen eg trengte. Ho sa seg enig, kanksje berre for at eg skulle føle meg betre.

Eg veit ikkje om ting har blitt betre eller kva det har, men eg tok ein ny depresjonstest i dag, og den fekk eg høgare score på ein forgje gong eg tok samme testen... Så eg veit ikkje eg...

Tenkte eg skulle prøve å hive ut eit til innlegg i løpet av kvelden...

Ingen kommentarer: