08 januar, 2009

Lørdagskveld kjem det eit langt innlegg, eg orker ikkje no...

I kveld er eg dårlig. PÅ gråten for, ja, den 4 kvelden på rad. Og eg kjem til å grina. Tanken på alle tinga som skulle vore gjort og som må gjerast i helga er tung. Eg veit eg egentleg ikkje er i stand til å gjennomføre skulen slik som eg gjer, men likevel gjer eg det. Eg veit faktisk ikkje om det er noko lurt, men om eg dropper ut blir ting berre verre. Når eg skal inn til psykologen igjen, som er på onsdag må eg fortelle om nedturane... Eg klarer meg om dagen, eg trenger ikkje snakke om det, det går fint. Det er kveldane, dei dagane eg er aleine at eg blir dårlig. Denne veka har det vore kvar kveld. Det er ein følelse av at eg er håplaus, ekkel, feit, uerfaren, umoden og det slutter ikkje der. Alle tankene eg tenker kan ikkje forsvinne. Eg får panikk over at eg skal ha gym, at eg skal spela kamp, at eg MÅ levere inn noke oppgåver i geografi og fordi me skal lese ei bok i norsk. Eg klarer alt til slutt, mest sannsynlig. Eg skal og ha prøv ei gym, men eg bryr meg ikkje, eg har to og eit halvt år til å fikse den karakteren. Eg savner gamlelæraren min, eg savner vennenane mine, eg savner meg og eg savner alt egentlig. Eg skulle ønske ting framleis var som på ungdomskulen. Dei som kjente meg då veit kor dårleg eg var i perioder der, no er eg verre.

Eg aner ikkje kva eg skal gjere, eg aner ikkje kva eg føler, eg aner ikkje kva eg vil (eller eg gjer det, men når eg ikkje får realisert det hjelper det ikkje), eg aner ikkje korleis nokon skal kunne hjelpe meg når eg ikkje aner nokonting.

Nobody gets too much love anymore
It's as high as a mountain
And harder to climb

3 kommentarer:

Java sa...

Hm :|

Du må fortelle psykologen om nedturene ja; om han ikke vil høre så si at jeg skal komme å banke han opp når han er ferdig på jobb :)

Det er ihvertfall positivt at du vet hva du vil! Det er et bra utgangspunkt ihvertfall:P

Vikkan sa...

Hei Hero!

Jeg synes du skal fortelle psykologen din om nedturene. Bare snakk masse, fortell alt ! Sitt deg ned, skriv ned ting når du kommer på ting. Eventuelt kan du vise bloggen din til han. Det vil du antagelig ikke, (jeg ville aldri vist min, ingen jeg kjenner vet om bloggen min) men det er en idee. Men skriv! Skriv masse i en bok og vis det til han når du kommer dit. Eller du kan lese opp fra boken hvordan du følte det de dagene. Lykke til!

Vikkan.

Injured Hero sa...

Eg har dagboken min, men syns det er vanskelig å skrive når jeg er dårlig, ender ofte opp med å skriv etterpå, og da føler eg at eg pynter litt på det fordi eg då ser det meir klart. Då tenker eg ofte: men det var jo ikkje så ill.... Skal skrive masse neste gang eg har ein nedtur, skal i alle fall prøve...

Takk Vikkan for at du er flink og kommentere, eg elsker kommentarene dine!

Kanskje eg kunne oppretta ein blogg som berre eg og han veit om slik at han kunne lest den før eg kom og evt snakkt om det han syns var interisant?