28 september, 2008

Tittelfelt tomt...

Eg vil så gjerne skrive ut om det eg kjenner, men det går ikkje...

Og hinter om at eg gjerne vil ha litt fleire kommentarer igjen^^,

26 september, 2008

Dagen min...

I går kveld merka eg at eg ikkje kom til å gå på skulen i dag, eg var på sammenbruddets rand, så eg gjekk og la meg med den tanken om at eg ikkje skulle på skulen i dag, det gjorde at eg roa meg. Eg vakna halv seks i dag, før mobilen min ringte for å vekkje meg. Eg gjekk i dusjen men merka at eg ikkje orka, hadde liksom lovet meg sjølv at eg ikkje orka i går kveld, så hadde blitt og svikta mine egne ord om eg ikkje gjekk. Eg gjekk og sa til mamma og pappa at eg ikkje orka å gå på skulen og dei godtok det, så eg gjekk og la meg igjen. Fekk eneldei komt godt i gang på boka eg skal lese no, "saman er ein mindre aleine", høyrt at den boka er kjempebra så vil gjerne lese ho sjølv og ikkje berre høyre om ho frå andre. Eg får ikkje sova noko meir. Når klokka nærmar seg 8 får eg melding frå gamlelæraren min med eit smilefjes, og eg er, ler sikkert eit kvarter altså, også spurte eg kva som var meininga med eit smilefjes i ei melding liksom og då svarte ho: Ser du ikkje at eg smilar til deg? Og eg ler enda meir.. Eg forventa ikkje det i dag akkurat, lurar på om den dama er synsk sidan ho ser ut til å veta når eg trenger oppmuntring. Ho skulle berre vist at eg skulka, då hadde ho sikkert ikkje blitt så veldig stolt! Så eg satt heime til halv tre, då tok eg scooteren og kjørte til trening. Treninga gjekk greit trur eg. Etterpå vart ei venninne med meg heim og me sitt no her, ho blir snart henta. Me skulle berre kosa oss i kvar sin stol med pcen foran tven og det har me gjort. Me har spist grandiosa og snop og kost oss.

Dagen eg trudde skulle bli ille blei ikkje det likevel, takket være gamlelæraren min og venninna mi..

25 september, 2008

Drit i prøven...

... Eg orkar ikkje gå på skulen i morgen...

Eg trudde eg skulle klare å holde ut ein siste dag før høstferien, men den prøven ødela alt eg har kjempa for i det siste..

22 september, 2008

Full timeplan

Eg har full timeplan heilt fram til jul, eller i alle fall i helgene. Eg trur eg har tre helger uten håndball eller andre aktivitetar. Eg fant blandt anna ut at eg no skulle gå med bøsse under tv-aksjonen, for å gjera ein god gjerning. hånballtrening tre gongar i veka og kampar utenom med to lag, det kan bli ein del, men eg trivest med det, og det er vel det viktigaste..

Plutselig er ikkje bloggen min sånn skikkelig negativ lengre, har ikkje så mykje og sei egentlig, ting blei liksom berre mykje betre etter det vart bestemt at eg skulle få tilrettelagt undervisning sjølv om eg ikkje har fått det enda. Trur kanskje eg er på vei inn i den fornektelsesfasen igjen, der eg nektar for at eg trenger hjelp fordi eg har det fint... Eg veit ikkje om eg har det fint, eg tørr ikkje kjenne på det ein gong...

21 september, 2008

Det er vanskelig...

...å blogge for tida syns eg...

20 september, 2008

Eg veit ikkje eg...

Eg tenkte egentleg eg skulle skirve ei skikkelig lang avhandling om korleis eg har det for tiden, men eg klarer det ikkje. Eg kjem liksom ikkje lengre enn til dei tre orda "eg har det..." Korleis har eg det?
Eg kjenner at skulen blir for mykje og eg kjenner eg er ganske lei. Eg vil gjere noko med livet mitt, gjere ein forskjell for nokon, ikkje berre gjere det alle "ungdommar" skal gjere. Eg passar ikkje innunder den normale ungdomskategorien der mottoet er at ein skal leva livet. Ein lev jo livet heile livet, men seinare i livet har ein meir ansvar. Eg iker ansvar, eg vil vera ansvarsfull, eg vill rett og slett bli voksen. Men eg traktar ikkje etter å bli voksen, tru meg det skjer nok alt for fort. Men eg traktar etter det å bli sett på som ein sjølvstendig person der ikkje så mange blandar seg opp i mine valg.

Eg traktar ikkje etter å bli voksen, eg traktar etter å bli sjølvstendig...

18 september, 2008

Lite som skjer for tiden...

.... I alle fall her innne på bogge, kan jo gå fleire dagar før eg i det heile tatt bloggar, før eg hiv ut eit lite innlegg ein gong.

Eg får ei travel helg, vera med vennar i dag og heile morgon mest sannsynlig, og på søndag er dagen fylt med håndball. Så joda, vi får sjå om det kjem noke fornuftig blogging i løpet av helga...

Dårlig

Eg har vore dårlig i heile dag, vondt i magen, men trur det berre er fordi eg har så masse eg skulle ha gjort i løpet av dagen og eg veit ikkje om eg får gjort det...

Men eg skal no ha siste timen på skulen, så skal eg til ei dame og hjelpe ho litt fordi ho er nettopp opperert, så skal eg handle inn til ein fest før eg skal heim og rydde heile huset til festen før eg til slutt må gjere ein stil som skal inn i morgon, og i morgon har eg ikkje tid til det, så eg MÅ gjere den i dag...

Trur ikkje eg orker å ha gym i morgon egentlig, siden eg skal på trening sjølv etterpå og så ha fest om kvelden, det blir for mykje. Eg er sliten...

17 september, 2008

Har no snakke om tilretteegging...

I dag har eg vore og nskak med rdgiver om tilrettelegging av fag, det er vanskelig i første klasse. det er lettere i andr eog tredje klasse. Eg skal bytte frå tysk 2 til tysk 1, då blir eg sikkert den smartaste i den gruppa, siden eg har hatt tysk i tre år allerede. Det blir litt komisk. Ellers så skulle me sjå det anna til etter høstferien og sjå på resultata mine, men eg veit jo at dei ikkje vil sjå ut som om eg treng tilretteegging, fordi eg er skuleflink...

Men det skjer i alle fall noke..

14 september, 2008

Back to black

Ok, greit ikkje heilt... Eigentleg ikkje så mykje no nokre timar etterpå..
To veker igjen før eg mest sannsynlig har ein lettare skulekvardag, noko som gjer at eg ikkje blir så sliten utpå kvelden.

Kanskje eg er for god til å skjule ting for tida, eine veninna mi meinte eg ikkje trengte tilrettelegging, at no fekk eg veta korleis det var å faktisk måtte jobbe for karakterane sine. Eg veit ikkje korleis det er, og nei eg gjer ikkje det, men eg eer utrulig glad for at eg tar ting så lett som eg gjer.

Folk som blir deprimert klarar ikkje følgje med på skulen, berre av og til. Folk som då ikkje klarer å lese seg inn på eit kvarter, dei detter i karakterer. Eg kan sette meg ned eit kvarter og få ein 4. Ikkje noko meir, ikkje noko mindre. Her er det snakk om dei fleste fag, ikkje alle. Så jo eg treng tilrettelegginga...

Og om overskirfta, eg visste vel det ville komme ein nedtur snart, men kva ville livet vore uten opp og nedturar?