30 september, 2008

Tilhørigheit


"How do you feel when there's no sun?
And how will you be when rain clouds come?
They'll pull you down again
How will you feel when there's no one?"


Eg veit ikkje hielt kor eg høyrer heime for tida, litt her og litt der. Ting er forandra, ikkje til det nagative, ikkje til det positive, men ting er annleis. Noko som er annleis kan aldri sammanlignast. Før eg bytta skule hadde eg min plass i vennekretsen. Eg var ho med utruleg sterke meiningar, ho som ofte satt i eigne tankar, ho som smilte og ho som ikkje var lykkjeleg. Det alle fleste visste om det siste punktet og etterkvart, det var ein del av meg. Kanskje eg berre var for godtruande om folk, kanskje eg berre trengte oppmerksomhet, men det er ikkje poenget. Då hadde eg min plass. No har eg ikkje ein eigen plass, ting er annleis. Eg tørr ikkje finne minn egen plass fordi eg er redd for at eg skal forandra meg som person, og tru det eller ei så er eg redd for at eg skal bli lykkjeleg. Det virkar nokon gongar som om eg er blitt avhengig av "den kjenslen" som eg har byrja å kalla depresjonen. Kanskje det ikkje er nokon veg ut, fordi eg likar det her. Det er trygt, heilt trygt. Eg veit korleis eg skal takla det, eg er gangse god å takla det. Kanksje det berre er ein del av meg?

Så kanksje verset heller skulle vore slik som dette?
How I'll feel when there's no sun?
And how I'll be when rain clouds come?
They'll pull me down again
How I'll feel when there's no one?
I'll feel home..

28 september, 2008

Eg er i GODT humør...

I kveld har eg faktisk vore i godt humør, berre fordi eg fekk svar på ein e-post eg sendte til gamlelæraren min for nokre dagar sidan. Likte ikkje svaret eg fekk med ein gong, men det gjer eg aldri eigentleg. Men det er berre så kjekt og veta at nokon bryr seg, at eg ikkje er gløymt..

*Smile*

Tittelfelt tomt...

Eg vil så gjerne skrive ut om det eg kjenner, men det går ikkje...

Og hinter om at eg gjerne vil ha litt fleire kommentarer igjen^^,

26 september, 2008

Dagen min...

I går kveld merka eg at eg ikkje kom til å gå på skulen i dag, eg var på sammenbruddets rand, så eg gjekk og la meg med den tanken om at eg ikkje skulle på skulen i dag, det gjorde at eg roa meg. Eg vakna halv seks i dag, før mobilen min ringte for å vekkje meg. Eg gjekk i dusjen men merka at eg ikkje orka, hadde liksom lovet meg sjølv at eg ikkje orka i går kveld, så hadde blitt og svikta mine egne ord om eg ikkje gjekk. Eg gjekk og sa til mamma og pappa at eg ikkje orka å gå på skulen og dei godtok det, så eg gjekk og la meg igjen. Fekk eneldei komt godt i gang på boka eg skal lese no, "saman er ein mindre aleine", høyrt at den boka er kjempebra så vil gjerne lese ho sjølv og ikkje berre høyre om ho frå andre. Eg får ikkje sova noko meir. Når klokka nærmar seg 8 får eg melding frå gamlelæraren min med eit smilefjes, og eg er, ler sikkert eit kvarter altså, også spurte eg kva som var meininga med eit smilefjes i ei melding liksom og då svarte ho: Ser du ikkje at eg smilar til deg? Og eg ler enda meir.. Eg forventa ikkje det i dag akkurat, lurar på om den dama er synsk sidan ho ser ut til å veta når eg trenger oppmuntring. Ho skulle berre vist at eg skulka, då hadde ho sikkert ikkje blitt så veldig stolt! Så eg satt heime til halv tre, då tok eg scooteren og kjørte til trening. Treninga gjekk greit trur eg. Etterpå vart ei venninne med meg heim og me sitt no her, ho blir snart henta. Me skulle berre kosa oss i kvar sin stol med pcen foran tven og det har me gjort. Me har spist grandiosa og snop og kost oss.

Dagen eg trudde skulle bli ille blei ikkje det likevel, takket være gamlelæraren min og venninna mi..

25 september, 2008

Drit i prøven...

... Eg orkar ikkje gå på skulen i morgen...

Eg trudde eg skulle klare å holde ut ein siste dag før høstferien, men den prøven ødela alt eg har kjempa for i det siste..

22 september, 2008

Full timeplan

Eg har full timeplan heilt fram til jul, eller i alle fall i helgene. Eg trur eg har tre helger uten håndball eller andre aktivitetar. Eg fant blandt anna ut at eg no skulle gå med bøsse under tv-aksjonen, for å gjera ein god gjerning. hånballtrening tre gongar i veka og kampar utenom med to lag, det kan bli ein del, men eg trivest med det, og det er vel det viktigaste..

Plutselig er ikkje bloggen min sånn skikkelig negativ lengre, har ikkje så mykje og sei egentlig, ting blei liksom berre mykje betre etter det vart bestemt at eg skulle få tilrettelagt undervisning sjølv om eg ikkje har fått det enda. Trur kanskje eg er på vei inn i den fornektelsesfasen igjen, der eg nektar for at eg trenger hjelp fordi eg har det fint... Eg veit ikkje om eg har det fint, eg tørr ikkje kjenne på det ein gong...

21 september, 2008

Det er vanskelig...

...å blogge for tida syns eg...

20 september, 2008

Eg veit ikkje eg...

Eg tenkte egentleg eg skulle skirve ei skikkelig lang avhandling om korleis eg har det for tiden, men eg klarer det ikkje. Eg kjem liksom ikkje lengre enn til dei tre orda "eg har det..." Korleis har eg det?
Eg kjenner at skulen blir for mykje og eg kjenner eg er ganske lei. Eg vil gjere noko med livet mitt, gjere ein forskjell for nokon, ikkje berre gjere det alle "ungdommar" skal gjere. Eg passar ikkje innunder den normale ungdomskategorien der mottoet er at ein skal leva livet. Ein lev jo livet heile livet, men seinare i livet har ein meir ansvar. Eg iker ansvar, eg vil vera ansvarsfull, eg vill rett og slett bli voksen. Men eg traktar ikkje etter å bli voksen, tru meg det skjer nok alt for fort. Men eg traktar etter det å bli sett på som ein sjølvstendig person der ikkje så mange blandar seg opp i mine valg.

Eg traktar ikkje etter å bli voksen, eg traktar etter å bli sjølvstendig...

18 september, 2008

Lite som skjer for tiden...

.... I alle fall her innne på bogge, kan jo gå fleire dagar før eg i det heile tatt bloggar, før eg hiv ut eit lite innlegg ein gong.

Eg får ei travel helg, vera med vennar i dag og heile morgon mest sannsynlig, og på søndag er dagen fylt med håndball. Så joda, vi får sjå om det kjem noke fornuftig blogging i løpet av helga...

Dårlig

Eg har vore dårlig i heile dag, vondt i magen, men trur det berre er fordi eg har så masse eg skulle ha gjort i løpet av dagen og eg veit ikkje om eg får gjort det...

Men eg skal no ha siste timen på skulen, så skal eg til ei dame og hjelpe ho litt fordi ho er nettopp opperert, så skal eg handle inn til ein fest før eg skal heim og rydde heile huset til festen før eg til slutt må gjere ein stil som skal inn i morgon, og i morgon har eg ikkje tid til det, så eg MÅ gjere den i dag...

Trur ikkje eg orker å ha gym i morgon egentlig, siden eg skal på trening sjølv etterpå og så ha fest om kvelden, det blir for mykje. Eg er sliten...

17 september, 2008

Har no snakke om tilretteegging...

I dag har eg vore og nskak med rdgiver om tilrettelegging av fag, det er vanskelig i første klasse. det er lettere i andr eog tredje klasse. Eg skal bytte frå tysk 2 til tysk 1, då blir eg sikkert den smartaste i den gruppa, siden eg har hatt tysk i tre år allerede. Det blir litt komisk. Ellers så skulle me sjå det anna til etter høstferien og sjå på resultata mine, men eg veit jo at dei ikkje vil sjå ut som om eg treng tilretteegging, fordi eg er skuleflink...

Men det skjer i alle fall noke..

14 september, 2008

Back to black

Ok, greit ikkje heilt... Eigentleg ikkje så mykje no nokre timar etterpå..
To veker igjen før eg mest sannsynlig har ein lettare skulekvardag, noko som gjer at eg ikkje blir så sliten utpå kvelden.

Kanskje eg er for god til å skjule ting for tida, eine veninna mi meinte eg ikkje trengte tilrettelegging, at no fekk eg veta korleis det var å faktisk måtte jobbe for karakterane sine. Eg veit ikkje korleis det er, og nei eg gjer ikkje det, men eg eer utrulig glad for at eg tar ting så lett som eg gjer.

Folk som blir deprimert klarar ikkje følgje med på skulen, berre av og til. Folk som då ikkje klarer å lese seg inn på eit kvarter, dei detter i karakterer. Eg kan sette meg ned eit kvarter og få ein 4. Ikkje noko meir, ikkje noko mindre. Her er det snakk om dei fleste fag, ikkje alle. Så jo eg treng tilrettelegginga...

Og om overskirfta, eg visste vel det ville komme ein nedtur snart, men kva ville livet vore uten opp og nedturar?

Mål eg har nådd

1. Eg har slutta å bite negler
2. Eg har byrja å ta solarium, ikkje heilt regelmessig, men eg har no litt meir farge no enn for ei stund tilbake.
3. Eg gjer ein forkjell, sportslig
4. Eg trener ofte nok, fleire gonger i veka.
5. Eg har farga håret
kunne sikkert skrevet ein del andre ting her og, men dei er ikkje så viktige. Det eg er aller mest stolt over å ha innsett er at eg ikkje er nødt å vera best i alt, eg er ikkje nødt til å vera middels god i alt heller. Det kjennes herleg å sei det...

Tilrettelegging...

Ja, no skal eg altså får tilretteegging, eg veit ikkje heilt kva for tilrettelegging det er snakk om enda, men det blir noke. Eg skal snakke med læraren min i løpet av veka som kjem.

Eg veit ikkje kva eg forventer meg. Eg er liksom van med å klare det uten at nokon merkar noko, men ikkje no lengre. Eg er blitt van med tanken om at eg ikkje er best i alt, eg vil ikkje vera best i alt, det er ikkje målet mitt, ikkje no lengre. Eg veit ikkje om eg forventer noko i det heile eigentleg, berre at ting blir litt lettare på skulen slik at eg klarer å holde følgje der uten å føle meg som ein skikkelig looser, noko eg har gjort den siste veka. Eh har det betre me meg sjølv etter skulen, men leksene og alt stressen angåande skulen sliter meg ut. Det at dagane blir så lange gjer ikkje saken så veldig mykje betre liksom.

Gamlelæraren min sa til meg her om dagen at eg virka mykje betre, kva ho no meinte med det. Men eg veit ho har eit godt poeng, eg har det mykje betre med meg sjølv og eg har meir tru på meg sjølv og den tanken om at folk faktisk kan bry seg om meg. For nokre månader sidan hadde eg aldri trudd det om nokon hadde sagt at eg kom til å ringe til gamlelæraren min, og i alle fall ikkje trudd dei om dei sa at det var eg som kom til å spørre om eg kunne ringje ho. Men no er eg der, på fin veg framover, med nokre ting som minnar meg om fortida. Eg har framleis ein lang vei å gå, men det er deilig å endelig vite at NO ER EG PÅ RETT VEG!

11 september, 2008

Eg.....

.....betyr framleis noko, eg er ikkje gløymt.

Eg kjem til å klare meg, eg kjem til å komme meg gjennom det...

10 september, 2008

Fremgang på under 45 minuttar.

Var hos psykologen min i dag og han hadde det egentleg litt travelt, eg pleier alltid å bruke for lang tid liksom, men i dag var eg flink, elle rhan var flink, fordi han var litt seint ute i byrjinga.

Men me starta med å lage ei tidslinje over meg og livet mitt. Gjekk ganske bra det. Eg byrja neste å grine når eg fortalte om min bestefars død, noko som gjekk sterkt inn på meg akkuratt då. Vi skreiv opp alle vennane eg har hatt sidan 5 klasse og kor lenge me var venner, og eg kom fram til at eg har mange deprimerte venner. Halvparten av die eg skreiv opp på den listen er eller har vore deprimert. Enten trekker eg til meg deprimerte folk eller så søkjer eg deprimerte folk. Så til vennane mine, no sitt psykologen min på standard informasjon om doke for at han lettare skal finne ut ting om meg. Vi skal fortsette neste gong og utdype ting litt meir.

Men så ringte telefonen hans sånn 14 ganger før han fant ut at han kanskje burde svara, han blei minna på den nye pasienten som venta utanfor og han avslutta med meg på tre min då. På dei tre minuttane gjorde hna mykje, han sa han skulle få tilrettelagt fag og slikt for meg, eg måtte berre snakka med læraren min først, og no etterpå skal eg sende ho ein e-post. Håper verkeleg ting byrjar å bli enklare då.

Ellers så skal eg ringje gamlelæraren min i morgon om eg tørr. Eg skulle egentlig innom skulen, men sidan ho ikkje var der den dagen fordi ho skulle på klassetur ser eg ikkje vitsen. Det å prata i telefonen er liksom ikkje det samme som å snakka med ho face to face liksom, og i tillegg hatar eg telefonar, fordi eg hatar stillhetane der ein ikkje kan utrykke seg med kroppspråk... Guud eg gruar meg, men eg håpar berre det blit bra...


Og kor er alle kommentatorane mine tatt vegen?

Skulen

Eg sitt på skulen no, vurderer om eg skal sei til læraren min at eg ikkje okrar fleire timar no. Eg grin ikkje, eg klarar ikkje lengre. Det er umulig...

I går sendte eg melding til gamlelæraren min, om eg kunne innom min neste firdag, men ho kunne ikkje, ho skulle vekk med klassen sin den dagen. Det at ho har ien anna klasse er itt rart eigentleg, er liksom van med at det er meg og min gamle klasse ho har. Sikkert litt rart for ho og når du får nye klassar tredjekvart år. Men poenget var at ho ikkje kunne, så eg spurte om eg kunne ringe ho ein dag, og det kunne eg, skal ringje ho på torsdag, om eg tørr. Eg veit rett og slett ikkje, forgje gong eg snakka med ho på telefon hyperventierte eg, eg var jo heilt ute av meg, stakkars meg, haha, ikkje eigentleg.

Eg trur eg klarar to timar til, ikkje dei verste timane eg veit om me har gjennom veka.

Eg må leggje til at eg HATAR tysk....

06 september, 2008

Kvifor eg IKKJE savnar x-en min...

Eg treng rett og slett å skrive opp alle gode grunnane eg har for at me ikkje er saman lengre, for akkuratt no savnar eg han, såååå sinnsjukt. Så ei liste over kvifor eg aldri skal gå tilbake til han kjem her:

- Han drakk for masse...
- Han var frekk mot andre..
- Han fortalte meg at eg var skikkelig stygg...
- Me krangla om alt..
- Han dumpa meg fleire gonger..,
- Han snakka aldri fint om meg til vennane sine...
- Han visste kva som irriterte meg og derfor spelte han på det for å irritere meg...
- Han innbilte seg at han var utrulig fin...
- Forholdet vårt handla berre om sex på slutten...
- Han trua meg etter eg hadde bestemt meg for å gå videre med ein eg hadde sanne følelser for, men som eg no aldri kan få...
- Han viste meg korleis det er å bli sveket av den man stoler mest på i heile verda..
- Han snakka aldri om korleis han hadde det..
- Han seier han har byrja å drikke pga meg...

Dette var ein del gode grunnar faktisk, har du fleire legg dei gjere igjen i ein kommentar.. Slenger inn ein Avril Lavigne låt eg aldri kunne høyre på når vi var sammen og... (Med anime bilder..)

05 september, 2008

Litt tom for inspirasjon

Eg veit ikkje egentleg eg, det er kanksje mykje som skjer, men eg føler ikkje sånn veldig for å skrive om det. Eg veit ikkje heilt kva som gjer det, men det i alle fall slik saken er no. Eg er ganske sliten, og eg veit ikkje heilt korleis ting skal bli for meg i år, men eg kjem meg gjennom, slik eg alltid har gjort.

Eg likar ikkje vera så negativ, det blir liksom berre slitsomt for alle andre, så eg er litt lei av å vera negativ. Eg er ikkje positiv heler, ikkje misforstå meg feil. Men eg er liksom nøytral. Eg klarer meg, ein gang skal eg klare meg ut av alle problemene mine, koste ka det koste vil. Men før det treng eg å vokse opp, og no er eg vel ikkje akkuratt veldig voksen.

04 september, 2008

Eg har det "heilt" fint...

Skulen går jo bare til himmels, ikkje noke problemer der...
Psykologen min forstår jo så godt korleis eg har det..
Eg veit heilt sikkert kva som feiler meg...
Eg klarer jo å vera verdens beste venn for tiden...
Foreldrene mine og eg er bestevenner..
Eg savner ikkje gamlelæraren min...
Eg får ikkje for lite søvn...
Eg smiler heile dagen...
Eg er lykkjeleg...

02 september, 2008

Dagen etter ein opptur...

Ja, egenetleg er han ikkje så ille, eg har det ganske greit med meg sjølv og sånn, men likevel er eg sliten. Men i går forsvant den kjenslen om at eg var utslitt. Eg sover etter skulen, noko som ikkje er lurt, men eg får ikkje sove om kveldane verken om eg har sove tidlegare på dagen eller ikkje. Og dette eg seier no sier eg i ein god periode: Eg klarar ikkje skulen og no skal eg gjere noko med det. Skal snakke me psykologen min og spørre kva eg bør gjere. Men eg veit eg kan klare ein del av skulen, men om det blir for mykje så vil eg ikkje klare det. Og då vil alt gå i dass. Eg treng kanskje ikkje så mykje, og ein del av vennane mine meiner eg bruker det som unnskyldning, berre fordi eg ler det bort sjølv og seier: "eg har ikkje gjort leksene, men det treng eg heller ikkje *latter*" Eg skjønner jo det at dei trur det, men eg klarer det ikkje.

Wow, dette var eit klageinnlegg, men eg føler det blei litt skaleg alikevel, kanskje virker det litt *eg er ein bortskjemt drittunge som alltid får viljen sin og aldri gjer noko sjølv*, men det er ikkje det det er meint som...

01 september, 2008

Kanksje, berre kankje...?

...ting begynnar å gå min vei no. Eg sliter med skulen, men likevel. skulen er ikkje alt. Eg har fått lov til å gjere noko eg lenge har drøymt om, eg skal trena eit lag. Dette blir toppen..

Kanskje det er psykologen min sin fortjeneste, kanskje det er gamlelæraren min, men i alle fall kjenner eg meg kjempe frisk for tida. Om kjenslen av å glede kjennes slik skal eg ALDRI byrja å drikke, røyke, snuse eller dopa meg. Då kan eg rusa meg på livet...