02 september, 2008

Dagen etter ein opptur...

Ja, egenetleg er han ikkje så ille, eg har det ganske greit med meg sjølv og sånn, men likevel er eg sliten. Men i går forsvant den kjenslen om at eg var utslitt. Eg sover etter skulen, noko som ikkje er lurt, men eg får ikkje sove om kveldane verken om eg har sove tidlegare på dagen eller ikkje. Og dette eg seier no sier eg i ein god periode: Eg klarar ikkje skulen og no skal eg gjere noko med det. Skal snakke me psykologen min og spørre kva eg bør gjere. Men eg veit eg kan klare ein del av skulen, men om det blir for mykje så vil eg ikkje klare det. Og då vil alt gå i dass. Eg treng kanskje ikkje så mykje, og ein del av vennane mine meiner eg bruker det som unnskyldning, berre fordi eg ler det bort sjølv og seier: "eg har ikkje gjort leksene, men det treng eg heller ikkje *latter*" Eg skjønner jo det at dei trur det, men eg klarer det ikkje.

Wow, dette var eit klageinnlegg, men eg føler det blei litt skaleg alikevel, kanskje virker det litt *eg er ein bortskjemt drittunge som alltid får viljen sin og aldri gjer noko sjølv*, men det er ikkje det det er meint som...

Ingen kommentarer: