Var hos psykologen min i dag og han hadde det egentleg litt travelt, eg pleier alltid å bruke for lang tid liksom, men i dag var eg flink, elle rhan var flink, fordi han var litt seint ute i byrjinga.
Men me starta med å lage ei tidslinje over meg og livet mitt. Gjekk ganske bra det. Eg byrja neste å grine når eg fortalte om min bestefars død, noko som gjekk sterkt inn på meg akkuratt då. Vi skreiv opp alle vennane eg har hatt sidan 5 klasse og kor lenge me var venner, og eg kom fram til at eg har mange deprimerte venner. Halvparten av die eg skreiv opp på den listen er eller har vore deprimert. Enten trekker eg til meg deprimerte folk eller så søkjer eg deprimerte folk. Så til vennane mine, no sitt psykologen min på standard informasjon om doke for at han lettare skal finne ut ting om meg. Vi skal fortsette neste gong og utdype ting litt meir.
Men så ringte telefonen hans sånn 14 ganger før han fant ut at han kanskje burde svara, han blei minna på den nye pasienten som venta utanfor og han avslutta med meg på tre min då. På dei tre minuttane gjorde hna mykje, han sa han skulle få tilrettelagt fag og slikt for meg, eg måtte berre snakka med læraren min først, og no etterpå skal eg sende ho ein e-post. Håper verkeleg ting byrjar å bli enklare då.
Ellers så skal eg ringje gamlelæraren min i morgon om eg tørr. Eg skulle egentlig innom skulen, men sidan ho ikkje var der den dagen fordi ho skulle på klassetur ser eg ikkje vitsen. Det å prata i telefonen er liksom ikkje det samme som å snakka med ho face to face liksom, og i tillegg hatar eg telefonar, fordi eg hatar stillhetane der ein ikkje kan utrykke seg med kroppspråk... Guud eg gruar meg, men eg håpar berre det blit bra...
Og kor er alle kommentatorane mine tatt vegen?
10 september, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Det har nok noe med at jeg ikke har hatt internett-tilgang på nesten en uke ;P
Men nå har jeg lest alt du har skrevet på bloggen i det siste, bra å høre at det går litt bedre, selv om jeg er litt misunnelig, haha:P Huff, nei, men seiøst, bra det går bedre^^, Stå på! ;)
Skal prøve å få oppdatert min egen blogg og :)
M
Legg inn en kommentar