Ja, no skal eg altså får tilretteegging, eg veit ikkje heilt kva for tilrettelegging det er snakk om enda, men det blir noke. Eg skal snakke med læraren min i løpet av veka som kjem.
Eg veit ikkje kva eg forventer meg. Eg er liksom van med å klare det uten at nokon merkar noko, men ikkje no lengre. Eg er blitt van med tanken om at eg ikkje er best i alt, eg vil ikkje vera best i alt, det er ikkje målet mitt, ikkje no lengre. Eg veit ikkje om eg forventer noko i det heile eigentleg, berre at ting blir litt lettare på skulen slik at eg klarer å holde følgje der uten å føle meg som ein skikkelig looser, noko eg har gjort den siste veka. Eh har det betre me meg sjølv etter skulen, men leksene og alt stressen angåande skulen sliter meg ut. Det at dagane blir så lange gjer ikkje saken så veldig mykje betre liksom.
Gamlelæraren min sa til meg her om dagen at eg virka mykje betre, kva ho no meinte med det. Men eg veit ho har eit godt poeng, eg har det mykje betre med meg sjølv og eg har meir tru på meg sjølv og den tanken om at folk faktisk kan bry seg om meg. For nokre månader sidan hadde eg aldri trudd det om nokon hadde sagt at eg kom til å ringe til gamlelæraren min, og i alle fall ikkje trudd dei om dei sa at det var eg som kom til å spørre om eg kunne ringje ho. Men no er eg der, på fin veg framover, med nokre ting som minnar meg om fortida. Eg har framleis ein lang vei å gå, men det er deilig å endelig vite at NO ER EG PÅ RETT VEG!
14 september, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Flott at du endelig har innsett det!:P
Legg inn en kommentar