Det hadde blitt enda meir kllisje å hatt den overskriften på norsk (til slutt er alt heilt fint), eg syns i alle fall det var finare med ho på engelsk.
Men i dag hadde eg det fint, kanskje litt for fint, nesten manisk. I løpet av i går kveld og i dag før klokka halv fem rydda eg og støvsugde rommet (noko som ikkje har vore gjort på leeeenge, over ein måned trur eg). Så kom kræsjen klokka halv fem. Eg hadde ein avtale med ei vennine, me skulle sjå DVDer, bake skillingsbollar og prate, men ho kunne ikkje. Eg berre datt heilt sammen, begynnte å grine hysterisk i ein halv time kanskje. Sendte meldinger med ei eg kjenner då, noko eg trur hjalp. Eg hadde på følelsen at alle eg eg glad i etterkvart forsvinner, berre fordi vennina mi ikkje kunne komme likevel. Det er på ein måte berre denne veninna eg har igjen, eg føler eg har dytta vekk alle andre, folk forventer at ein skal bli bra igjen like fort som om ein har omgangsyken, noko som ikkje er tilfelle med ein depresjon (eller i følge psykologen min er det ikkje det som er i vegen). Eg forventar ikkje at folk skal forstå korleis eg har det, men eg forventar at dei prøver å forstå. Når ein person har kreft blir dette tatt hensyn til, på både positive og negative måter. Dette er ein sjukdom folk ser med egne auge, derfor blir han meir ekte for dei. Depresjon er psykisk, noko ein veldig sjelden ser, derfor er det vanskeleg å akseptere.
Men poenget mitt var at eg var heilt ute av meg i ein halv time, eg berre grein og grein, maskaraen rant nedover kinna som om eg var med i ein eller anna suppete kjærligheitsfilm. Det stoppa, eg blei sulten så eg lagde mat. Augene var raude i fleire timar etterpå. Etter at eg hadde laga mat og ete litt snop og drokke ei stor flaske cola kasta eg opp. Ja, med vilje. Og eg som trudde det var slutt på den tida.
Eg lurer på om eg skal få ein sjukemelding neste gong eg er hos legen, om eg ikkje hadde vore så redd for telefonar som eg er, kunne eg berre ha ringt ned til legen på mandag, men eg er altså redd for telefonar...
25 oktober, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Huff:( Sorry at eg ikkje svarte på meldingen din, mobilen min er klikk.
Men hør på Sixx Am-accidents can happen^^
gjer ikkje noke det... visst det faktisk når eg sendte melding til deg:P
Sendte melding med randi da;)
Godt at det hjalp å sende meldinger med meg :) Husk at du kan sende/ringe meg uansett hva klokka er!
Men det er IKKE bra at du kastet opp... Har det skjedd igjen? ;S
Tenker på deg!
Klem <3
Nei, lenge siden sist eg har gjort det, det var berre noko eg måtte gjere, fordi eg var kvalm og trengte å føle meg litt bedriten:P
Men nei eg har ikkje gjort de gijen etter det;)
Ta imot klemmen og gi ein tilbake:P
Legg inn en kommentar