Som du sikkert har lagt merke til har det ikkje vorte så mykje blogging på meg i det siste, men det er mykje som foregår i hodet mitt. Kanskje ein del negativt, kanskje ein del positivt, eg veit eigentleg ikkje kva som foregår. For å systematisere dette innlegget mitt kan eg no sei litt om kva som har skjedd i det siste.
Byrja på p-piller: Fekk p-piller igjen av legen fordi eg er premensturell og aldri veit når eg får mensen, noko som er drit. Dette er same p-pillen eg fekk for kviser for nesten to år sidan og eg håpar ikkje det var dei som utlauste depresjonen, då må eg slutte på dei igjen. Det er verdt å nevne at eg var kvisefri når eg gjekk på dei.
Tilrettelegging på skulen: Skulle liksom komme i orden forgje veke, men blei ikkje noke ut av det trur eg, eg håpar berre at psykologen min har ringt til skulen slik han lova han skulle gjere. Eg får tre mindre skuletimar i veka, evt kanskje fem, utifrå om eg vil droppa gymmen eller ikkje, har ikkje bestemt meg der enda, er liksom enkelte ting eg vil vera med på, og enkelte eg for alt i verda vil unngå. Trur det skal bli deilig å få sove litt lengre ein dag i veka. Eg har til og med tid til å stikkje innom gamlelæraren min ein time om eg vil ein gong i blandt. Tenkte eg skulle vente ein måned eller to før eg spørr igjen, har passa dårleg dei første vekene no og ho har det nok travelt. Det har blitt litt masse skulearbeid i det siste, det er ein del slit med det og eg får meg ikkje til å gjere så mykj etter skulen fordi eg føler det allereie er for mykje arbeid på skulen. Er ofte veldig trøtt på skulen, det gjer at eg ikkje klarar å konsentrere meg.
Eg har bestemt meg for å bli betre: Eg gidd ikkje meir. Eg klarar det kanskje ikkje på første forsøk, men eg skal prøva og til slutt vinna. Planen, som eg snakka litt om tidlegare, går ut på at eg opprettar ein blogg osm psykologen min les før kvar time, her skriv eg meir detaljert kva som skjer, kva som gjorde at eg følte ditten og datten og ein avslutning der eg kanksje alltid skal finne tre positive ting eg ser fram til. Då kan han ta utgangspunkt i bloggen når me kjem til samtalen vår... Ellers vil eg gjerne ha eit belønningsystem, kanskje som foreldra mine er med på, slik at dei føler at dei bidrar. Kanskje belønningen om eg klarer det kan vera at eg får flytta til sommaren om eg då framleis vil det?
PLanen til helgen: Eg tenkte eg skulle hive foreldra mine ut av huset og rydda og vakse heile huset (kanskje berre øverste etasje) og laga middag til dei kjem heim. Joda, det at eg i det heile tatt orkar tanken er utruleg egentlig...
Meg og x-en: Har på ein måte fått snakka ut, men det blir aldri noko meir og eg likar ikkje tanken på at me er i samme vennekrets. Dei få gangane me er ilag er det liksom greit nok, men eg klarar han ikkje over lengre tid. Han såra meg alt for mykje til at eg nokonsinne vil stola på han igjen
Også har eg to avsnitt om to venninner:
venninne 1: Skjønnar ikkje heilt alvoret med meg og korleis eg har det og når eg fortalte ho at eg og x-en hadde "fiksa ting" sa ho: Det var det eg sa, og du som stressa over at doke var i samme klasse. Eg kunne aldri gått i samme klasse som han, og sjølv om eg no kan sjå på han utan å kjenne hatet boble betyr ikkje det at alt er fint.
Venninne 2: Eg savnar ho, noko har forsvunnet mellom oss. Kanskje det blei for mykje for deg, noko eg skjønnar godt, ein kan ikkje vera med ei som er deprimert i stor prosjonar utan ein pause. På ein måte saknar eg deg, på ein anna måte ikkje. Gutteproblema dine kan ikkje sammanlignast med depresjonen min, men for deg kan dei nok det, siden du aldri har kjent på ein depresjon. Me lever i to heilt ulike verdnar, dine største bekymringar eg om guten du likar likar deg og, mens mine er om eg vil klara å fullføra skulen, ikkje karaktermessig, men fraværsmessig. Her om dagen sa du at u hadde sove kanskje 5 timar, eg lot då vera og sei at eg visste korleis det kjenntes, for då virkar det berre som om eg vil framheve mine eigne problem.
Eg har venner som eg bryr meg utruleg masse om, sjølv om eg kanskje skulle ønskje dei eg har nevnt over kunne vore meir dei personane eg ønskjer dei skal vera, men eg veit det er umulig. Me er for ulike, og sjølv om me ikkje er bestevenner vil eg alltid vera der likevel, i meir eller mindre grad.
Eg er på veg mot toppen, om doke vil vera med så får doke henga doke på, om ikkje får doke sleppa når doke føeler for det. Det blir ein hard kamp, kanskje med ein skikkelig nedtur før ting blir betre. Men det som skal vera sagt er at dei vennane mine som heldt ut gjennom heile den kampen, dei vil alltid vera stempla som VIP i mitt hjerte. Der er det framleis plass til fleire, berre eit sete er reservert... OG for å vera heilt ærleg veit eg ikkje om eg vil ha med meg fleire enn denne eine personen...
13 oktober, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Ja, du har rett i at nåke har forandra seg. Men ka det er, det veit ikkje eg heller. Eg savner sånn å gå i klasse med deg, og snakke med deg til alle døgnets tider. Det var på ein måte veldig rart med oss to, for korleis me klarte å vere så gode veninner har eg aldri skjønnt.
Depresjonen din hadde ingenting med saken å gjere. Den har ikkje hatt nåke serlig å sei for meg anng vennskapet vårt, bortsett fra at det kanskje var den som plasserte oss så nært i begynnelsen, f.eks på leirskulen og sånn.
Gutteproblemene mine kan nok ikkje sammenlignes nei, og det har eg visst heile tiden, men likevell så er dei Mine største problem, og nåke eg treng å prate om. Det var nok kanskje det vanskeligste for oss to. Vi er begge slik at vi har behov for å snakke om ting, alt mulig! Og då blir det lett vanskelig.
Eg trur nok det, at det er mest min feil at vi har sklidd fra kvarandre. Eg har forandra meg ein del, og eg har på ein måte konsentrert meg veldig om å få nye venner i klassen, eller bli bedre kjennt med f. eks ho som eg går i klasse med fremdeles. Eg veit ennå ikkje om dei prioroteringane var rett eller galt, men det gjennstår nok å sjå..
Eg trur kanskje at det er vanskelig å fortsette på samme måte som før for oss to, siden vi går i forskjellige klasser, og nok kjem til å ende opp med litt forskjellige vennekretser til slutt. Men som du og seier, så kjem eg alltid til å vere der for deg. Du kan fremdeles ringe meg kl 3 om natten om du treng det, eller ka som helst du føler for. På den siden har ingenting endra seg for meg. Eg veit om det meste av det grunnleggande av problemene dine, trur eg vertfall, og som sagt er det berre å gje ein lyd når du føler for det.
Eg vil veldig gjerne henge meg på videre, men tvilsomt som ei beste veninne. Men eg er fremdeles enormt glad i deg, og eg vil du ska ha det bra, og få fiksa opp i problemene dine. Bloggen din skal det nok ganske mykje til for at eg slutter å lese;)
Følte at dette på ein måte vart velldig avsluttende, men håper ikkje du tar det på den måten:P Prøvde berre å skrive ned alt eg tenkte på xD
Glad i deg <3
Jeg har lyst å være med deg opp til toppen:) Jeg har lyst til å være til hjelp, hvis det blir nødvendig blir jeg med deg ned på bunnen og hjelper deg opp igjen:)
JEg har lyst til å være en viktig del av livet ditt, en del som er positiv og er til hjelp:)
Håper du vil ha meg der, for du er en jeg ikke har lyst til å miste for alt i verden:)
Er utrolig glad i deg:D
Legg inn en kommentar