18 mars, 2009

Psykologtime og slikt

I dag laga meg og psykologen min ei kake over kem som hadde vore hjelpen i framdrifta mi, og den kaka har eg no laga på exel, og den kjem etterpå. Før me gjorde dette leste han opp litt frå journalen min som ble skrevet i sommer, det var forferdeig, eg kjente ikkje den jenta han leste om. Eg fekk og veta at grunnen til at eg først kom til han var fordi han var den einaste som kunne legge meg inn, noko som vart vurdert fordi dei trudde eg kanskje var suicidal. Eg ville dø, men eg ville ikkje ta livet av meg.Så dette er altså det som har vore med å gjere meg betre. Vi leste fra journalen min frå i sommer, og eg ser jo at eg har komt meg, eg er ikkje lengre den samme. Det verste er kanskje at eg savner det til ein viss grad. Grunngjevinga for kvifor desse postane er her skal eg og få med i dette innlegget:

Gamlelæraren min: Først av alt fordi ho fekk meg til å få hjelp. Uten det hadde det ikkje vore nokon meg no. Eller eg hadde jo vore her, siden eg aldri har vore veldig suicidal, men eg trur det ville tatt lang tid før eg fekk hjelp. Ho har i tillegg vore der utrulig masse, og eg savner ho skikkelig framleis.

Typen min: Det er etter eg vart saman med han at eg virkelig følte meg betre. Han fekk meg til å orke å jobbe med skulen, og det er ein stor fordel. Eg kjem nok aldri til å bli det eg ein gong var, men no elsker eg nokon, og nokon elsker meg. Det kom uventa, spesielt etter alt me har vore gjennom. Men likevel føles det HELT rett, uten han vet jeg ikke hva jeg hadde vært.

Bestevenninna mi: Mest fordi ho aldri har sagt at ting er teit, eller at ting er for lite til å klage over... Ho har vore der liksom.

Andre venner: sjølv om eg ikkje føler dei har hatt så veldig stor innvirkning sånn heilt generelt, ville eg nok ikkje vore her uten dei. Det har noke med at ein har venner som ein kan finne på ting med, slik at ein ikkje blir sittande aleine og deprimert.

Han jeg knulla: Ja, ka søren gjer han i denne statistikken. Men heilt ærlig, eg har kanksje ein del å takka han for (sjølv om han fekk plass inni ein negativ sirkel me tegna i samme greiene). Dersom det ikkje hadde vore for han hadde eg aldri lært, eg trur aldri eg ville innsett kor mykje er faktisk elsker han eg elsker. Greit nok at eg skulle ønske eg kunne forstå det uten at dette skulle skje, men siden det no har skjedd, kan eg vel sei at det er ein av grunnane til at eg veit eg elsker typen min.

Motgang: Treng eg sei meir enn at motgang gjer ein sterkare?

Meg: Sjølv meiner eg at eg har gjort lite, at ting berre ordnar seg etterkvart. Eg trur det var ein plass i hjernen min som fortalte meg at eg ikkje var lykkeleg, og at den plassne berre har skjerpa seg. Det eg kanksje har gjort er å ikkje gi opp, eg har heile tida holdt ut, fordi eg trudde på ordtaket som seier at motgang gjer ein sterkare.

Sport: Eg er blitt trenar, kem hadde trudd det? At ein som er deprimert kan klare det. Eg har klart det, og eg spelar framleis sjølv. No har eg lyst å gå på trening, det er kjekt. Det at eg aldri gidde det opp har nok gitt meg ein del tilbake når det gjeldt framgang. Eg gleder meg til ein sesong til.

Annet: Her kjem jo alt annet, alt eg ikkje kom på i farten. Egentlig tenker eg at det burde vore meir enn 4 %, men likevel, det er vanskeleg å dele inn i prosenter på KVA som har gjort deg betre, du kan berre prøve sjølv. Confused og Java er i denne gruppa. Eg kan ikkje sei kor masse eg har ledd dei gongane Java og eg har støtt på kvarandre. Ein gong satt me i samme trapp og sendte meldinger til hverandre og Java turde ikkje sjå på meg fordi ho var redd for å le. Og til både Java og Confused vil eg berre sei at det er verdt å vente til den dagen det blir bedre. Eg har sett at motgang gjer ein sterkare.

Så for at dette ikkje skal bli ein roman istedenfor eit blogginnlegg, seier eg meg ferdig med dette.


3 kommentarer:

lol sa...

For et utrolig innlegg. Jeg ble gla av å lese det, og det er mye som skal til!
Det sånn at jeg fikk nesten lyst til å sette meg ned og skrive om det som får meg til å smile.
Fy faen, takk! :)

Injured Hero sa...

Oy, det var hyggelig Pronto :D

Det e rverdt å kjempe, nedturene kommer, men når man har så lange oppturer er det verdt å kjempe likevel :D

Anonym sa...

Veldig bra at du ser på hva som har hjelpt deg, i stedet for hva som gjør deg verre. Den tankegangen burde flere av oss hatt :)

Og det var utrolig kjekt at jeg har greid å hjulpet deg :):) Just ask me for help when you need it, I'll allways be here for you, darling <3